3. mars 2016

107kg!

Det som har gjort at eg har blitt hekta på styrketrening (endeleg!) sidan sommar 2015 er vel at eg stadig har hatt framgang, og denne framgangen har vore målbar!

Då eg dreiv med triatlon, frå 2007 til 2014 (og eg har enno ikkje gitt meg, men var nødd til å ta ein pause pga plantar fascitt) så starta eg med styrketrening i tillegg, men då mest i form av isolerande øvelsar.
Vanlege øvelsar var f.eks. hantelroing, push-ups, chins (om eg greidde dei da), brystpress, skulderpress, og så ein heil del kroppsvektøvelsar som styrka kjernemuskulaturen.

Eg sleit den gongen med motivasjonen for styrketrening. Eg syntest nok det var moro når eg først var i gang, men når det var solskinn ute frista det jo heilt klart meir med ein sykkeltur enn å løfte vekter inne.

Slik er det ikkje lenger.
Nå kan det godt vera 25 gradar ute og solskinn (og me får håpe at me får mykje av dette til sommaren, og gjerne enda varmare!) og eg synst allikevel at det er moro å vera inne, på treningssenteret, og løfte vekter.
Markløft midt på sommaren.
Kva har skjedd?
Samanlikna med styrketreninga mi før, så har eg starta med store, samansette øvelsar. Eg trenar altså dei tre styrkeløftøvingar markløft, benkpress og knebøy, og også frontbøy, skulderpress (om skuldrene mine tåler det) og har til og med starta med styrkevending, noko som er ei av mange tilleggsøvelsar frå olympisk vektløfting.

Markløft har eg alltid likt veldig godt, og fekk veldig stor framgang i fjor. Plutseleg var det ikkje grenser for kor sterk eg skulle bli. Målet blei fort 100kg før jol, sidan 100 er jo eit fint tall, og sidan det var forholdsvis realistisk.

Det gjekk ganske bra.
100kg markløft - andre løft. PERS! Desember 2015.

Samtidig så slengte eg ut at eg godt kunne løfte ein av "gutta" på senteret, sidan han var så stor og sterk og eg så "liten og sterk" at det hadde vore litt komisk om eg hadde greidd det.

Han vog altså 107kg den gongen.
Nå er ikkje han lenger på treningssenteret vårt så då var ikkje motivasjonen så veldig stor lenger for å prøve 107kg, men så fekk eg allikevel behov for å teste styrken min.



Så på måndag ("måndag er markløftdag") var eg bestemt. Eg varma berre fort opp med 50 og 60kg, og 70kg, så fortsatte eg med enkeltløft vidare: 1x80kg, 1x90kg, 1x100kg (noko som eigentleg blei pers igjen sidan eg på nyåret nå har bytta til sumomarkløft og eg aldri hadde prøvd 100kg på den) - det såg "lett" ut, sa gutta, så då putta eg på 2x2,5kg = 105kg og det gjekk veldig bra det også.

Så lot eg meg igjen friste til å putte på meir vekt enn eg hadde planlagt (gutta altså, eg lar meg rive med) og prøva 110kg (utan å ta 107kg først). Det gjekk ikkje. Stanga rykka seg ikkje frå bakken.

Eg var så innstilt på 107kg, må vite.
Så eg bytta ut dei siste to 2,5kg skivene med to einkiloskivene (som eg faktisk hadde kjøpt inn personleg til dette føremålet, og som nå bur på senteret) - og løfte: det gjekk!

Pen teknikk var det ikkje, men fult godkjent.
LYKKE!
Eg blei så fornøydd. Samtidig kjente eg ingen behov for å gjenta løftet for å ta "bevisbilde", sidan ryggen min eigentleg var støl etter benkpress dagen før og eg ikkje ville ta noko sjansar.
Så det blei bildet av stanga, som då altså til saman var heile 107kg tung:

107kg = stanga (20kg) + 2x20kg (blå) + 2x15kg (gul) +
2x5kg (svart) + 2x2,kg (svart, mindre) + 2x1kg (svart, enda mindre)
Eg sendte riktignok ei sms til denne "store sterke gutten" som eg jo hadde tenkt å løfte, for å forsikre meg om at kroppsvekta hans ikkje hadde endra seg noko betydeleg sidan i fjor - mellom 107 og 109kg fekk eg som svar, så eg valgte meg 107kg.

Så dette var moro.
Det er rett og slett så utruleg morsamt å sette seg mål, jobbe fram til desse og nå dei til slutt.
Spesielt moro er det når det dreier seg om mål som eg "aldri før kunne ha tenkt meg å greie".
Og å løfte så tungt som eg gjer nå, relativt skadefri, ja dette hadde eg vel ikkje kunne tenkt meg for berre nokre år tilbake.
Som tenåring hadde eg ambisjonar om å løfte vekter, men mangla sjølvdisiplin og pengar til å kjøpe inn utstyr.

Men nå!
"Det er aldri for seint til å bli det du kunne ha vore." fritt oversett etter George Elliot (sjekk ut denne stilige dama på Wikipedia).

Det synst eg er så bra sagt, og når eg har lyst til å bli sterk nå, så går eg inn for å bli det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar