Viser innlegg med etiketten mental helse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mental helse. Vis alle innlegg

22. januar 2017

Vinter = tid for forkjølelse

Eg hadde jo eigentleg tenkt å blogge om det nye fantastiske og spennande benkpresstreningsopplegget mitt, og ja, det skal eg også, men så var det slik at plutseleg så slo ein forkjølelse til igjen.
K J E D E L E G!

Sist så starta det med vondt i brystet, som blei til vondt i halsen, tett nese, tette bilhuler, øreverk, halsbetennelse, bihulebetennelse og noko som ein kunne beteikna svinepest ifølge #favoritegymbuddy.

For to dagar sida (fredag) trudde eg at eg hadde fått ein allergisk reaksjon etter noko mat eg hadde ete, for eg fekk eit dundrande nyseanfall (8-10 nys etter kvarandre, herleg magemuskeltrening forresten!).
Eg tok antihistamin, noko som hjelpte bittelitt, men ikkje eigentleg.

På natta vakna eg av tett og rennande nese på den eine sida.
Og eg skal vera ærleg: det var ikkje ein einaste positiv tanke igjen i skallen min!

Sist så varte forkjølelsesangrepet i nesten fire veker, der eg innimellom slepte meg til treningssenteret (etter at legen min gav klarsignal om at smittefarleg var eg ikkje lenger), blei heldigvis køyrt heim av favoritegymbuddy så eg ikkje blei liggande i grøfta halvvegs på veg heim, men formen var elendig, og dermed humøret også.

Eg er altfor aktiv til å takle å bli sittande dagen lang i mine fire altfor trange veggar og sjå lengselsfult ut av vinduet mot fjellet der oppe.

Eg blir faktisk deprimert.
Med halvstor D.
Fordi eg har slite med depressive episoder før, så hjernen søker seg dit igjen veldig fort.

Og fordi eg via trening regulerar hjernekjemien min, på ein måte som ikkje den beste medisin hadde klart, i følge forskarane. Dessutan har eg ein del virkemekanismar i hjernen som ikkje kan påvirkas ved hjelp av medisiner (stikkord: overaktiv amygdala).
Så - for meg er trening ikkje berre moro, sosialt, tidsfordriv og eigenutvikling, men også medisinering.

Når eg ikkje får dette, så virkar det som hjernen min oppfører seg som mørk, seig gjørme.
Grusamt.

Men nå har eg tenkt å ikkje la det kome så langt.
I går var eg til tross for litt rennande nese på treningssenteret og hadde ei fantastisk om enn litt redusert treningsøkt.
Benkpress, pull-ups med strikk og litt beinpress.
Litt redusert slik at kroppen ikkje skulle overbelastas og ha nok energi igjen til å kjempe mot forkjølelsesvirus.

Så har eg sidan køyrd på med diverse kjerringråd som eg eigentleg ikkje hev tru på, men sidan ein aldri kan vite, og ein ikkje skal undervurdere noko berre fordi det ikkje kan bevisas vitenskapeleg, og fordi eg IKKJE skal plagas med forkjølelse meir enn nødvendig, så har eg altså laga meg diverse heilt usmaklege drikkar som skal hjelpe.

Noko av det verste eg har smakt, er følgande:
Ein riv fersk ingefær, heller over kokande vatn, tilset sitronsaft og honning (so far so good, literally) - og SÅ: ei spiseskei med GURKEMEIE.

Jepp. Gurkemeie er visst det nye superfood ifølge internet.

Jaja.
Drikka såg fin ut, men det var den altså ikkje, smakte som ei blanding av avløpsrens, oksegalle og oppkast:

Men!
Den gjekk ned.
Deretter laga eg meg den gurkemeiefrie varianten to gonger og la meg tidleg.
I dag så er eg verken bedre eller verre, noko som eg synst er bra nok.
Eg gjekk i gang med å lage meg oksegalledrikka igjen, men altså... den der ingefærteen med sitron og honning var jo eigentleg ganske god allikevel. Og eg har aldri likt ingefær så godt.
Men - det er jo nesten som ingefærøl da. Og det er jo berre å bruke nok av honning, så smakar det.

Noko som gav meg idéen om å innta denne fantastiske gurkemeien på anna vis: saman med honning. Og ikkje meir.
Internettet kunne bekreftet at dette var ein kombinasjon som skulle gje lettelse frå diverse plagar.
Bland honning med gurkemeie og la det smelte på tunga (gurkemeie luktar forresten som inne i eit stabbur frå 1700-tallet, så det er jo kjekt med tett nese).
Slik såg det ut:


Det smakte faktisk ikkje så verst! :D
Når ein googler litt på gurkemeie og "turmeric" og "curcumin" (virkestoffet i gurkemeie) og spesielt "curcumin supplement" får ein mange spennande resultat av forskning rundt det.
Det virkar som reine vidundermiddel som berre må oppdagas og forskas rundt enda meir.
Til og med muskeltap skal det hindre!

Så nå er eg enda meir motivert til å få i meg dette usmaklege pulveret.
Eg er i kampmodus mot forkjølelse.
Samtidig skal eg ta det med ro, klart det.

Jaja.
God bedring til alle der ute som måtte vera forkjøla, og til dikkøn som er friske: Fortsett med det!

31. august 2016

Med galskap skal galskap fordrives.

I dag måtte eg berre løpe det av meg.
Akkurat som sist tysdag, og tysdagen før det.
Ja slik såg det ut sist tysdag, og tysdagen fyri det også - nydeleg blå himmel med nokre skyer
og solskinn, heilt opp. Vatnet var kaldt, men det var greitt :D
Det hjelpar stort sett med ein løpetur i full fart.
Dei siste to tysdagane sprang eg midt på dagen, og då var det faktisk ganske varmt, så eg la inn ein badepause.
DEILEG!

I dag var det overskya og ingen solskin, men temperaturen var grei nok.
Dessutan trengte eg ein liten kuldesjokk for å stoppe tankar i hodet.
Så det blei litt bading i dag også.
Kaldt var det, ganske kaldt.
Men det gjekk.

Nydeleg å bu slik at eg kan gjera det.
Og eg følte meg så forfriska etterpå, og "nullstilt".
Løpeturen var det ellers ikkje så nøye med.
Ein rask liten løpetur på 4,5km. Oppvarming var 1,5km ned til treningssenteret, for å bytte sko, så 25min løping, 5min bading, så 1,5km og litt til tilbake til treningssenteret og så heim, til saman over 7km på beina, det er jo bra.
Men det beste var badet i det iskaldte vatnet. Det er jo galskap. Sunn galskap. Og moro :D

31. mars 2016

Såååå trøtt. Vårslapp?

Nå gjekk det nesten ein heile månad sidan sist innlegg.
Grunnen til dette er at eg har vore altfor trøtt til å bruke noko energi på bloggen.
Eg har heldigvis ein her i huset som synst det er heilt greitt å ta det me ro.
Det er lov å vera trøtt. Då er det berre å sove!
Eg har trent så mykje, og regelmessig, og våren står foran døra (det blåste iskaldt i dag og på plenen her ligg det fortsatt snø, så heilt vår er det enno ikkje hos meg!), eg har hatt framgang i styrketrening, og sakte men sikkert tenkt å begynne å løpe litt igjen.
Må fokusere før benkpress - ellers blir det ikkje noko av.
Men adidas-tightsen med blomar på er berre perfekt nå på våren! 
Så det er nok å blogge om.
Men samtidig går energien min med på å halde livet igang.
Eg har også starta eit nytt nettkurs, dvs såkalla "MOOC" i epigenetikk frå universitet i Melbourne.
Slik ser University of Melbourne ut, ifølge Wikipedia.
Det hadde ikkje gjort meg noko å dratt dit ein liten tur. Gjerne!
Epigenetikk er læren om korleis miljøet og ytre faktorar generelt påvirkar måten våre gen blir avlest og uttrykt på - med andre ord er det ikkje berre informasjonen i arvematerialet vårt som bestemmer våre eigenskapar, men "bruken" av dette materialet.
Det er eit ganske spennande tema! Siste gong  blei kurset organisert i 2014, men då var ikkje helsa mi god nok og eg hoppa av etter berre to veker.
Nå gjer eg eit nytt forsøk og eg kjenner at sjølv om fagstoffet er krevande, så er grunnlaget mitt frå masteren min i genetikk god nok til å henge med! Så eg er optimitisk!

Så då går det nok tid og energi foran datamaskina og det fristar meir med å trene nn å blogge om trening!
Og når det første er fint vêr ute fristar det også meir å vera ute enn å sitte inne i leiligheten.
Ein tur ute i sol og vind - eg er blitt så plaga av migrene'
 i det siste. Men med solbriller går det bra.
Eg er rett og slett veldig klar for vår og varme og eigentleg sommar også og må berre kome meg ut når det først er fint vêr. Hos meg så er det også ein del skog som skyggar leiligheten for sola midt på dagen, så viss eg vil ha sol (og det vil eg!) så er eg nødd til å finne på noko ute.

Hos ein av yndlingsplassane mine i skogen rundt ei hytte så blømar det også i år klosterklokkar, slik som i fjor. Dei er så nydelege!
Klosterklokke.
Ellers må eg nok anten finne meg enda fleire "yndlingsplassar" eller slutte med å knytte eg for mykje til skogen her i området, for det ser ut som kvar gong eg har funne meg ein triveleg liten plass å slappe av i skogen, så kjem det hogstmenn og feller halve skogen der.
Men men.

29. september 2015

Ei lita mil - for humørets skyld.

Dei siste månadane har eg nok fokusert mest på styrketrening, men samtidig prøvd å løpe med jamne mellomrom. Sykling har det også blitt littegrann - eg har tross alt lyst på ein triatlonkonkurranse igjen neste år, og då helst mist ein halvironmandistansen.
Så eg burde eigentleg ikkje sløyfe løpinga.
Samtidig så er den eigentlege grunnen til at eg stadig tyr til løpesko, at eg blir i bedre humør av det.
Eg blir stort sett i godt humør av å løpe! 
Ein kan jo tenke at, jada, løparar flest, eller folk som likar å løpe kjem i bedre humør av å løpe akkurat fordi dei driv med det dei likar godt.
Men eg trur det ligg meir bak.