29. september 2015

Ei lita mil - for humørets skyld.

Dei siste månadane har eg nok fokusert mest på styrketrening, men samtidig prøvd å løpe med jamne mellomrom. Sykling har det også blitt littegrann - eg har tross alt lyst på ein triatlonkonkurranse igjen neste år, og då helst mist ein halvironmandistansen.
Så eg burde eigentleg ikkje sløyfe løpinga.
Samtidig så er den eigentlege grunnen til at eg stadig tyr til løpesko, at eg blir i bedre humør av det.
Eg blir stort sett i godt humør av å løpe! 
Ein kan jo tenke at, jada, løparar flest, eller folk som likar å løpe kjem i bedre humør av å løpe akkurat fordi dei driv med det dei likar godt.
Men eg trur det ligg meir bak.


Eg trur nemleg at det å drive med uthaldenhetstrening er bra for hjernen, det fører til produksjonen ikkje berre av det som er så godt kjent (som endorfiner og serotonin) men også til mange stoff som har ein viktig funksjon i hjernen, og påvirkar oss i stor grad.
Er du meir enn gjennomsnittleg interessert i tema trening/mosjon og hjernekjemi,
burde du ta og kikke på denne boka her. Den er veldig detaljert og veldig bra!

Tidlegare trudde eg at det kanskje ikkje var så lurt å løpe dagen etter ei tung økt med styrketrening med øvingar for både beina og ryggen (dvs knebøy og markløft), men så er det nå slik at eg savnar løpinga. Og om beina kjennest tunge etter f.eks knebøy frå dagen før, så kan dei likevel godt brukast til å jogge ein liten tur, har eg funne ut.

Så det var det eg gjorde i dag.
Eg var nemleg rett og slett sur og lei av at eg bur så tett innpå denne skogklynga som gjer at sola forsvinn så frykteleg tidleg hos meg. Skikkeleg sur blir eg når eg ser at himmelen er blå og sola skin, og hos meg er det skygge!

Sjølv om eg eigentleg skulle lese i dag, så greidde eg altså ikkje det, humøret blei berre mørkare og mørkare. Så då var det berre å få på meg treningstøy og løpesko, ta med meg hunden og koma meg ut.
Det var lurt.
Ikkje at eg blei i så mykje bedre humør.
Tvert imot.
Fortsatt sur og gretten blei eg irritert over kvar gong gutten min skulle stoppe for å snuse, kvar gong han surra lina rundt eit tre eller ein stolpe, at løpebeltet sklei opp, at hodetelefonane datt ut av øyra osv.
Men men.
Dette er ingen "sjå-så-glad-eg-er-i-dag-fordi-eg-er-på-løpetur"-selfie.
Eg skapar litt balanse i bloggemiljøet med mine småsure selfiar. HA! :D
Eg tenkte at eg kunne gje blaffen i plantar fascitt og løpe så lenge til humøret blei bedre.
Eg valgte meg ut ein runde som eg har tatt før ganske mange gonger, på ca ei mil, for å sleppe å tenke og planlegge så mykje.
Etterkvart så blei eg også meir samstemt med go'gutten min som hadde snusa, bæsja og markert seg ferdig.
Det er heilt klart blitt haust.
Ganske bra.
Eg kjenner eigentleg ikkje så mykje til plantar fascitten når eg er i aktivitet.
Dessutan trur eg at eg virkeleg er over det verste, og ein løpetur på ei mil kan umogeleg øydelegge den rehabiliteringa eg har gjort så langt. Og viss det kjem eit lite stikk eller to i foten i morgo, skal eg berre fortsette å tøye og strekke og trene styrke for leggane, og tenke at det var verdt det.
Det er ingen spetakulært bilde, men dette er faktisk første gong i år eg har løpt
denne strekninga på ei mil. Så for meg var dette eit herleg syn!
Humøret blei nemleg faktisk bedre.
Det tok litt tid, riktig nok.
Over ein time.
Ok, for å vera heilt ærleg så blei eg kjempesulten på den siste bakken heim, og fantaserte om sportsdrikka heime og gleda meg til den.
Ei nostalgisk isostar-flaske frå 80-tallet -
eg blei nostalgisk og bestilte meg isostar og likar
den sååå godt. Så den gleda eg meg til å drikke
etter løpeturen!
Og der har me stikkordet: glede!

Ei mil på asfalt har eg ikkje løpt på over eitt år, så eg kjente det jo littegrann i beina då eg kom heim. Men med den etterlengta sportsdrikka, ein utslitt labbis ved sida og beina oppå krakken var det nydeleg.

Det er rart kor annleis virkninga er av ein litt over ein times løpetur samanlikna med litt over ein time med styrketrening. Eg likar begge to. Eg blir oppstemt av begge typar trening, men på heilt forskjellig måte. Dette synst eg er kjempespennande.
Uansett, kombinasjonen av desse to er tingen for meg framover.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar