27. oktober 2016

Powerarms 2016

Då.er.det.gjort.

Min første handbakkonkurranse. Mitt første stevne i handbak:

POWERARMS 2016 - arrangert av Skien Håndbakklubb:


Ikkje var det planlagt, ikkje hadde eg trent for dette, men så deltok eg allikevel.

Det heile starta vel i fjor då eg skjønte av favoritegymbuddy på trening, at handbak er ein sport, og ikkje berre noko ein driv med på puben.
Ok.
Jøss.
Så kult da?

Tanken på å konkurrere i handbak fasinerte meg.
Og eg tok villig imot tips for trening av handbak.
Ok, grepet er viktig, sterke underarmar, biceps, bruk heile kroppen... vêr rask, osv.

Men det heile blei det ikkje så mykje av.

Likevel så blei eg ikkje kvitt fasinasjonen handbak.
Dette må prøvast!
Så då reiste eg te Skien for å vera med på trening.
Der er det Skien Håndbakklubb som held til, i fine lokalar med masse spennande treningsutstyr, og trenar altså kvar sundag.

Moro!
I tillegg til meg var det éi dame til. Og ho var sterk!
Eg reiste heim med masse inspirasjon og treningsmotivasjon.
Heim att frå handbaktrening - med masse motivasjon og gangsår på albuen!
Kunne ikkje vente med å fortelle favoritegymbuddy om det.
Han kom på trening neste dag for å trene litt sjølv og for å vise meg litt handbakteknikk.
Moro!
Igjen!

Etter dette var eg støl i fleire dagar - på plassar i armane som eg aldri hadde vore støl før.
Rart er det jo ikkje.

Eg prøva meg så ein gong til på ei trening i Skien.
Ok.
Eg har ikkje teknikken inne i det heile tatt, eg rekk såvidt over handbakbordet, og eg er visst så sterk heller (enno!) men moro var det fortsatt!
Trening av handbak - og teknikk - i regi av Skien Håndbakklubb.
Bildet er tatt av Føbe :) 
Reiste heim igjen og tenkte:
Eg trene meir.

Så var det snakk om konkurranse. Powerarms 2016, som årleg blir arrangert av Skien Håndbakklubb.
Men for meg var det ingen poeng å delta syntst eg - elendig teknikk, lite styrke, rett og slett ingen forutsetningar.
Likevel så blei eg spurt om eg skulle delta - det var nemleg veldig få jenter påmeldt.
La oss sjekke bicepsen - joda - den er der. Men den må vel
tas i bruk til meir nyttig enn å posere foran spegelen?
Handbak kanskje?
Jo da, eg hadde jo lyst men det var jo i grunnen lite poeng å delta med to treningar som grunnlag.
Eller?
Hm - men stille som "listefyll" kanskje?
DET er jo noko eg har grunnlag for, og det skadar ikkje, tenkte eg.
Er det berre to jenter, så blir jo dameklassa avslutta etter to kampar.
Er det tre jenter, så blir det faktisk mange fleire.

Jaja.
Eg har tidlegare ikkje trent spesielt mykje styrke med spesielt fokus på armane - rett og slett fordi det er vrient å få plass til dette i tillegg til styrkeløfttrening.
Eg har laga meg ekstra tjukke handtak til armtrening -
det skal visst vera veldig effektivt!
Men éi økt med litt statisk handbaktrening gjorde eg, sånn plutsleg, ein tysdagskveld - og det minte meg på kor moro eigentleg handbak er - det er jo berre gøy, ikkje sant?
Og det er jo berre for moro skyld?

To dagar før stevnet bestemte eg meg for å delta.
Og glad er eg for at eg gjorde det.

Eg grugleda meg dei to dagane - men gleda meg mest av alt.
Var glad for at eg torde!
Etter litt sjekking fann eg ut at førstpåmeldte jenta hadde drive med handbak i så mange år at ho nesten var som "semi-proff" å rekne (sitat ein av gutta).
Den andre jente var også "fersk" i handbak, men såg frykteleg sterk ut (og var altså 15kg tyngre enn meg).

Jada.
Eg hadde ikkje forventa spesielt mykje anna enn å koma meg uskada gjennom kampane - og det gjorde eg!

Venstre armen min ser ut til å vera mykje bedre eigna til handbank - sterk og rask og uthalden og ingen vondter, mens høgre armen har eit eller anna på tricepssida som "ikkje er på plass" som eg kallar det - eit eller anna vil ikkje heilt vera med - så dette skal eg jobbe med.
Siste kamp - høgre arm - var over på rundt tre sekund.
Eg hadde ikkje sjangs!
Eg treng eigentleg ikkje nevne at eg ikkje hadde ein sjangs å vinne noko som helst - dei to venstre-kampane mot den svenske jenta varte jo nokre sekund faktisk, og eg rakk å ønske at eg hadde trent meir handbak.
Høgre arm var ikkje med på leiken i det heile tatt og kampane var fort over(stått) her også.

Men - så var det berre oss tre jenter til saman på Powerarms 2016 - og dermed blei det jo ein fin tredjeplass og faktisk bronsemedalje!



Så kult!!!
Jøss, sjå på meg da, første handbakstevne og medalje og greier.
Er ikkje dette ei super belønning for mot og innsats (og litt sunn galskap) frå mi side, så veit ikkje eg.
Eg er stolt over at eg torde å delta, og har bestemt meg for at dette ikkje skal vera siste stevne heller i handbak på meg.
Nå skal eg gje meg sjølv eitt år - for trening av teknikk og styrke - og så får me sjå om armane mine likar dette, om eg kan trene og bryte handbak skadefritt, og om eg fortsatt synst det er moro.

Så det blir spennande framover!

11. oktober 2016

Hugs mat til hunden!

På sundag var det "heldigvis" overskya.
Nå når me har hatt så mange fine haustdagar med så nydeleg solskin synst eg at det blir vanskeleg å ikkje vera ute.

Men sidan det var overskya fekk eg ro nok på meg til å sette i gang eit prosjekt eg har hatt lenge på lista mi. Eg skal nemleg sy ein singlet i ullstoff.
Nå finst det ullsingletar å få kjøpt.
Men dei er det ikkje mange av. Og tatt i betraktning kor små singletane er, så synst eg at dei er ganske dyre. I tillegg har eg greidd å slite ut mine to ullsingletar frå Devold, og kunne gjerne hatt fleire.

Så nå skal eg sy meg ullsinglet.
Men - først laga eg meg symønster frå ein singlet eg hadde frå før, og som passa heilt perfekt (Nike Miler) - såpass perfekt at eg har singleten i tre forskjellige fargar. Heilt nydeleg er den!

Så då sat eg meg ned og teikna og måla og klipte, og teikna litt til, og justerte og strauk over, og lima på papirbitar, osv, til eg til slutt hadde noko som likna på eit symønster: framside, ryggside og to delar som går langs sidene.

Sidan eg ikkje har noko ullmetervare for tida, og ikkje hadde lyst til å klippe i gamle ulltrøyer med eit symønster eg ikkje har testa før, laga eg meg eit testplagg - frå eit rosa fleeceteppe eg uansett skulle bruke som materiale.



Det er moro å drive med syprosjekt, men det finst grensar for kor mange timar i strekk eg kan sitte med slikt før eg får maur i rumpa og må ut.
Lukas skulle også ut.

Så då tok eg med nokre pølsar, eit par brødskiver, teposar, honning og smør (ja eg brukar ekte varar, i alle fall på tur) og drog ut i skogen.

Det er veldig koseleg å fyre bål når det er overskya og litt yr i lufta, og haustgrått ute.

Eg har blitt meir og meir glad i dette "IKEA"-bålet. Det er så utruleg kjekt - det krev lite plass, lite ved. og kan regulerast fort opp og ned i størrelse, noko som er kjekt når vinden plutseleg frisknar til.

Tevatnet derimot varma eg opp med gass, sidan eg ikkje hadde tatt med noko bedre kokekar eg kunne bruke på open flamme. Neste gong, kanskje.

Dessverre hadde eg gløymt å ta med hundemat, og Lukasgutten var ikkje blid når klokka nærma r eg 18. Han blei ganske utolmodig. Dei få pølsebitane eg delta med han, var ingen trøst. Ikkje noko brødbitar heller.

Derfor blei me ikkje så lenge i skogen som planlagt. Han greidde rett og slett ikkje å slappe av, og eg heldt på å bli sprø av det.
Så etter eit par timar drog me tilbake, men det var heilt greitt.

Eg er for tida så utruleg trøtt når det blir mørkt at det er greitt å avrunde tidleg på kvelden.

Eg meinar at det er slik kvar haust, når mørkret kjem tidlegare og tidlegare.
Det er som om hjernen min er fortsatt i sommartid, og trur at når det blir mørkt, så skal eg sove.
Jaja.
Men dette ordnar seg av erfaring i løpet av oktober/november, når mørkret blir ein del av dagen, og ikkje lenger innleiar kvelden.

Enn så lenge får eg berre legge meg tidleg.

10. oktober 2016

Singlet-prosjekt

Nå nærmar det seg. Eg lagar eit prøveplagg av fleece for å teste mønsteret eg laga av ein treningssinglet.
Enno ser det ganske bra ut, og den sit faktisk godt! Varm er den også, så kanskje blir den meir enn berre prøveplagg??
(dette er forresten testinnlegg nr.2 - publisert vha blogger-appen. Jaja me får nå sjå høss dette gjeng).


Oppdatering via PCen 11.oktober 2016:

Innlegget blei ok, men bildet eg la til via Blogger-appen gjekk det ikkje an å redigere på førehand, dvs det blei publisert i originalformat, og sidan det var eit ganske stort bilde, så hang det utover innleggsramma.


Dette endra eg nå i etterkant, men her tok eg bilde av høss det blei sjåande ut FØR redigering:

Ja.
Då veit eg det.


Blogger-appen kunne nok bli bedre.

8. oktober 2016

Laurdagsøkta; fokus: bein + litt til.

Laurdagar har eg fokus på trening av bein ("leg day").
Sidan skuldrene mine ikkje er så glad i mange tunge sett med knebøy, så varmar eg opp med frontbøy. Hovedsettet mitt var fem sett på 42,5kgx5.
Eg hadde ikkje sjekka treningsdagboka grundig nok, eigentleg hadde eg alt tatt tre sett på 45kg med seks reppar pr set for ei veke sida, men men, då blei det meir mengde i dag, og ingen auke i antall kg.

Heilt greitt - eg var så trøtt i dag at eg måtte gjespe gjentatte gonger. Det var liksom så stille og roleg på treningssenteret at eg berre fekk opp pulsen gjennom eit sett, men så datt både puls og blodtrykk fort ned igjen til kvilemodus.
Jaja.

På knebøy derimot tok eg meir i enn sist.
Først trena eg på å koma meg opp frå bunnposisjon. Å ta ein heil stopp og pause i bunnposisjon gjer knebøyen så mykje tyngre!
Eg har også tidlegare tatt knebøy ned på benk/step-benk, berre at eg ikkje gadd å hente ein sånn stepp-kasse i dag. Det blei tre sett av knebøy med stopp i bunnposisjon, med 50kg.

Så skulle eg ha litt tyngre belastning, rundt og over 90% av min 1RM (som ligg på 67,5kg i knebøy).
Det blei tre sett med 65kg - utruleg moro!
Det første settet greidde eg såvidt rep nr.2, mens sett nr.2 og 3 var nesten litt lettare - kanskje kroppen var klar og innstilt på kva som kom?

Etter bøy-økta tok eg litt lett og teknisk benk, med 70% av min testa 1RM (som ligg på søte 46kg for min del, eg blir berre ikkje sterk i benk for tida altså!) - med ekstra breidd grep - tre sett med 10-12 reps/set med 32,5kg.

Så avslutta eg med litt ståande kabelroing, sidan eg ALDRI skal trene bryst/benk utan å ha trent rygg eller bakre skuldre - eg er alt for redd for å utvikle stram brystmuskulatur igjen (TOS = thoracic outlet syndrom) - så når eg har trent benk/bryst blir det alltid noko roing etterpå.
Mange reppar med god teknikk, i super set med floor press.

Eg elskar floor press, forresten. Nokon kallar det golvpress. Jaja. Eg likar "floor press" eg da. Er da ikkje så nøye.
Floor press - tre set med 12,5kg x 12.
Heilt til slutt så avslutta eg meg eit par sett med face pull.
Eg likar så godt den øvelsen der.
Heilt i starten var den litt ubehageleg, og merkeleg, og vanskeleg å få til.
Men så bruka eg mykje tid og oppmerksamhet på å få teknikken riktig, og får nå øvelsen veldig bra til, og har måtta auke belastning, sidan startbelastninga blei altfor lett - kult!!

Denne korte filmsnutten frå T-Nation visar veldig fint kva som er viktig: posisjonen av skulderbladene!

Så det blei ei fin økt i dag.
Lite folk var det på treningssenteret, så eg fekk ha utstyret for meg sjølv.
Det er heilt greitt innimellom.