22. januar 2017

Vinter = tid for forkjølelse

Eg hadde jo eigentleg tenkt å blogge om det nye fantastiske og spennande benkpresstreningsopplegget mitt, og ja, det skal eg også, men så var det slik at plutseleg så slo ein forkjølelse til igjen.
K J E D E L E G!

Sist så starta det med vondt i brystet, som blei til vondt i halsen, tett nese, tette bilhuler, øreverk, halsbetennelse, bihulebetennelse og noko som ein kunne beteikna svinepest ifølge #favoritegymbuddy.

For to dagar sida (fredag) trudde eg at eg hadde fått ein allergisk reaksjon etter noko mat eg hadde ete, for eg fekk eit dundrande nyseanfall (8-10 nys etter kvarandre, herleg magemuskeltrening forresten!).
Eg tok antihistamin, noko som hjelpte bittelitt, men ikkje eigentleg.

På natta vakna eg av tett og rennande nese på den eine sida.
Og eg skal vera ærleg: det var ikkje ein einaste positiv tanke igjen i skallen min!

Sist så varte forkjølelsesangrepet i nesten fire veker, der eg innimellom slepte meg til treningssenteret (etter at legen min gav klarsignal om at smittefarleg var eg ikkje lenger), blei heldigvis køyrt heim av favoritegymbuddy så eg ikkje blei liggande i grøfta halvvegs på veg heim, men formen var elendig, og dermed humøret også.

Eg er altfor aktiv til å takle å bli sittande dagen lang i mine fire altfor trange veggar og sjå lengselsfult ut av vinduet mot fjellet der oppe.

Eg blir faktisk deprimert.
Med halvstor D.
Fordi eg har slite med depressive episoder før, så hjernen søker seg dit igjen veldig fort.

Og fordi eg via trening regulerar hjernekjemien min, på ein måte som ikkje den beste medisin hadde klart, i følge forskarane. Dessutan har eg ein del virkemekanismar i hjernen som ikkje kan påvirkas ved hjelp av medisiner (stikkord: overaktiv amygdala).
Så - for meg er trening ikkje berre moro, sosialt, tidsfordriv og eigenutvikling, men også medisinering.

Når eg ikkje får dette, så virkar det som hjernen min oppfører seg som mørk, seig gjørme.
Grusamt.

Men nå har eg tenkt å ikkje la det kome så langt.
I går var eg til tross for litt rennande nese på treningssenteret og hadde ei fantastisk om enn litt redusert treningsøkt.
Benkpress, pull-ups med strikk og litt beinpress.
Litt redusert slik at kroppen ikkje skulle overbelastas og ha nok energi igjen til å kjempe mot forkjølelsesvirus.

Så har eg sidan køyrd på med diverse kjerringråd som eg eigentleg ikkje hev tru på, men sidan ein aldri kan vite, og ein ikkje skal undervurdere noko berre fordi det ikkje kan bevisas vitenskapeleg, og fordi eg IKKJE skal plagas med forkjølelse meir enn nødvendig, så har eg altså laga meg diverse heilt usmaklege drikkar som skal hjelpe.

Noko av det verste eg har smakt, er følgande:
Ein riv fersk ingefær, heller over kokande vatn, tilset sitronsaft og honning (so far so good, literally) - og SÅ: ei spiseskei med GURKEMEIE.

Jepp. Gurkemeie er visst det nye superfood ifølge internet.

Jaja.
Drikka såg fin ut, men det var den altså ikkje, smakte som ei blanding av avløpsrens, oksegalle og oppkast:

Men!
Den gjekk ned.
Deretter laga eg meg den gurkemeiefrie varianten to gonger og la meg tidleg.
I dag så er eg verken bedre eller verre, noko som eg synst er bra nok.
Eg gjekk i gang med å lage meg oksegalledrikka igjen, men altså... den der ingefærteen med sitron og honning var jo eigentleg ganske god allikevel. Og eg har aldri likt ingefær så godt.
Men - det er jo nesten som ingefærøl da. Og det er jo berre å bruke nok av honning, så smakar det.

Noko som gav meg idéen om å innta denne fantastiske gurkemeien på anna vis: saman med honning. Og ikkje meir.
Internettet kunne bekreftet at dette var ein kombinasjon som skulle gje lettelse frå diverse plagar.
Bland honning med gurkemeie og la det smelte på tunga (gurkemeie luktar forresten som inne i eit stabbur frå 1700-tallet, så det er jo kjekt med tett nese).
Slik såg det ut:


Det smakte faktisk ikkje så verst! :D
Når ein googler litt på gurkemeie og "turmeric" og "curcumin" (virkestoffet i gurkemeie) og spesielt "curcumin supplement" får ein mange spennande resultat av forskning rundt det.
Det virkar som reine vidundermiddel som berre må oppdagas og forskas rundt enda meir.
Til og med muskeltap skal det hindre!

Så nå er eg enda meir motivert til å få i meg dette usmaklege pulveret.
Eg er i kampmodus mot forkjølelse.
Samtidig skal eg ta det med ro, klart det.

Jaja.
God bedring til alle der ute som måtte vera forkjøla, og til dikkøn som er friske: Fortsett med det!

2. januar 2017