20. desember 2015

Tøffe jenter - #ShePlaysWeWin

Over dagens første kaffekopp (som er den beste) så snubla eg over eit innlegg frå Huffingtonpost. Det var verdt å dele. Fotoserien visar bilde av tøffe jenter mellom 7 og 14år som driv med idrett, og som fotografen bak serien, Christin Rose seier:
"I'm inspired by tough little girls everywhere -- by their chipped nail polish, skinned-up knees and fearless spirits [...] The project aims to celebrate confidence and athletic passions now because that will have a direct correlation on their outcome as they grow up to be strong, independent women in this ever-changing world."

#ShePlaysWeWin Photo by Christin Rose, from Huff Post Good News
Som lita jente så sparka eg alltid fotball med gutta i friminuttane på barneskulen. Me bruka berre ein tennisball og blei ganske gode til å drible og trikse.
Til min store sorg og fortvilelse fekk eg ikkje vera med på noko fotballag, slik som bestekompisen min (som blei kaptain, til og med).
Om det var at foreldra mine var konservative (slik dei var, fotball er ikkje noko for jenter) eller det ikkje fantest nooko jentelag i byen på den tida veit eg ikkje.

Eg fortsatte å klatre i tre og sparka fotball i fritida, og begynte med basket som niåring. Eg var ikkje spesielt høg, men ganske rask og strategisk på riktig plass, og eg likte å trene to gonger i veka og trena litt for meg sjølv. Men innerst inne var eg alltid meir interessert i typisk "gutte-idrett", dvs fotball, boksing, bryting, kampsport, eg ville drive med terrengsykling/BMX, osv.

Eg er glad for at forskjellane ikkje er så store lenger mellom typiske jente- og gutte-idrettar. Men likevel blir eg så glad når eg ser jenter sparke fotball eller drive med annan type "røff" idrett.
Så eg synst at bildene frå Huffingtonpost er nydelege!
Screenshot frå Christin Rose sin Instagramkonto (@hellochristinrose).


15. desember 2015

Løpetur

Med så mange som fire styrketreningsøkter i veka (!) er det ikkje så veldig god plass til løpeturar. Og det er eigentleg heilt greitt. For eg kjenner at sjølv om eg løper veldig lite for tida, så er løpeformen faktisk ganske bra!

Eg er spesielt fornøydd med at dei dagane etter å ha trent knebøy virkar det som om beina er ekstra sterke. I motbakken kjennest det faktisk som om nokon dyttar meg i rumpa oppover!

I dag blei det ein liten roleg løpetur på 6-7km i variert terreng i skogen.
Eit tynt lag med snø/rim på bakken gav fine knirkelydar i behagelege 2-3blå, sola skein, og det var fredeleg.


Med så låg vintersol blir det eit heilt fantastisk lys på ettermiddagen, og det fekk me med oss i dag. Heilt nydeleg var det.

Eg er ganske fornøydd at det går så bra med løpeformen til tross for lite løperelatert trening til fordel for tung styrketrening. Spesielt når plantar fascitten riktig nok ikkje lar høyre frå seg så mykje meir, men etter løpeturane så kjenner eg kanskje littegrann prikking i hælane, så då er det heilt ok med berre ein løpetur i ny og ne.

Eg vil i alle fall heller kose meg med nokre skadefri løpeturar innimellom enn å bryte ned att det eg har bygd opp gjennom rehabilitering.
Og det ser ut til å funke bra.

2. desember 2015

Superkrefter!?

Så nå har eg faktisk gjort noko bra på mandag.
Eg har tatt ny pers i benkpress!!

Nokon påstår jo at som nybegynner så er det ikkje "ekte" pers, dvs når ein som nybegynner fortsatt jobbar med å lære seg teknikken til basisøvelsane som knebøy, benkpress og markløft, så vil ein, om ein gjera det riktig, bli sterkare uansett og greie å løfte tyngre med tida.

Men likevel - utfordringa er jo faktisk å forbedre teknikken sin, og trene regelmessig, og ete riktig, og fordele treningsøktene riktig, ha nok restitusjon innimellom, og vera modig nok til å faktisk legge på litt meir vekt enn det ein skulle tru ein klarte å løfte.

Tidlegare har eg slite med benkpress. Syntest ikkje øvinga var morsam i det heile tatt.
Den kjendest ikkje riktig, eg fekk vondt i venstre skulder heile tida, eg fekk liksom ikkje inntrykk av at eg hadde brystmuskulatur eg kunne bruke i det heile tatt!

Men så har eg altså redusert markløfttreninga (som er ganske krevande, den brukar så å sei mesteparten av kroppens musklar og er dermed ei tøff og utmattande øvelse), og så har eg virkeleg tatt til meg alt av instruksjonsvideoar og artiklar på nettet i tillegg til at eg har drøfta og diskutert med gutta på trening.

Eg har bedt gutta om å sjå på og kome med kommetarar, kritikk og forslag og innspel. Og det gjorde dei. Nokon var meir konstruktiv enn andre. Men eg tok alt til meg.
Puste ordentleg,  ta stanga roleg frå stativet, senke stanga sa-a-a-kte og kontrollert, ha meir fart med stanga oppover - god oppspenning, skyte fram mage og bryst og halde spenninga gjennom heile løftet, breiare grep, føtane planta i golvet, ja det var ikkje få ting eg gjorde feil altså.

Men - det har lønt seg. Etterkvart så kunne eg auke mine stusselege 33,5 kg til 35kg, og så plutseleg på måndag hadde eg  superkrefter virka det som!?
Me har to benkpressbenkar på treningsenteret, og sidan eg trenar når gutta er der, så er i alle fall eitt stativ opptatt på eit visst tidspunkt på måndagar (det er benkpressdag på måndagar bl.a. må vite). Så eg møter opp litt tidlegare for å oppta det eine stativet (med benken som er litt smalare som passar meg best, men som altså blir opptatt etterkvart av ein av dei som virkeleg er sterk i benkpress).

Etterkvart blei klokka mykje og eg hadde fortsatt stativet for meg sjølv. Eg skjønte at HAN ikkje kom, og kunne eigentleg berre ta så mange set som eg ville - ingen hastverk - mens ein av dei andre gutta tok det andre stativet - det var faktisk herleg!

Eg kom fort opp til 30kg etter nokre oppvarmingssett, og kjente at eg berre vakna meir og meir (etter å ha surra rundt i ein halvkomaaktig tilstand berre eit par timar tidlegare den dagen) og putta på ein kg til, og så litt til, og så litt til. Plutsleg hadde eg koma til min gamle pers på 35kg. Den tok eg.
Vinka til gutta og ropte "Ja det var jo kjempelett!".
Eg veit ikkje om det var det, men eg fekk meg til å tru det.
Det sit i hodet, pleiar HAN å sei (som er så god i benkpress).

Ok, då putta eg altså på ein kg til, og løfta. Jepp, det var "kjempelett" det også.
Så putta eg på ein kg til, og då begynte ein av gutta å bli litt utolmodig.
Det er visst ikkje spesielt - tja, kva skal eg kalle det? - "tøft"? "mandig?" å auke vekt med berre éin kg av gangen. Men eg gjer det likevel. Fordi eg vil det slik.
Og fordi det fungerar for meg.

Men ein av gutta meinte altså eg kunne likså greitt ha auka til 37,5kg (som er då ei meir ordentleg auke). Så eg bytta rundt på skivene til eg var på 37,5kg og løfta.
Det gjekk det også! Hurra!!!
Det var ikkje noko pent løft. Eg forhasta meg litt. Slepte nesten ned stanga i brystkassa - noko som ikkje gjer noko med "berre" 37,5kg. Så eg tok mine nye pers ein gong til.
Åååå då måtte eg virkeleg ta ordentleg i.
Men det gjekk - som ein av gutta sa: "Det gjekk jo bra, men du kunne ikkje hatt ein hektogram meir på stanga av vekt." (han sa hektogram og ikkje hundre gram).

Hehe - eg tek det som eit kompliment, sidan eg då virkeleg greidde å strekke meg maksimalt, greidde å løfte den tyngste vekta eg greidde den dagen i den øvelsen. Verken meir eller mindre.

Eg er virkeleg fornøydd.
Skulle ønske eg hadde tatt bilde av det heile, men eg er litt overtroisk - vil ikkje at nokon skal stå klart med kamera. I tilfellet. I så fall vil eg ikkje vite om det.

Men ny pers er ny pers, og det beste var, at det kjendest virkeleg som om eg hadde superkreftar den dagen!
Nydeleg følelse var det!
Dagen etterpå blei det resitusjon, og i dag så tok eg knebøy og litt benkpressteknikk med lette vekter, men i dag var det ikkje mykje å hente styrkemessig hos meg.

Men det gjer ingenting.
Eg er så fornøydd med framgangen min.
Og venstre skulder er i ferd med å bli bedre.
Eg kjenner at den ikkje er heilt god enda, ikkje 100%, men viss eg passar på, så går det bra framover.
Veldig bra.