15. desember 2015

Løpetur

Med så mange som fire styrketreningsøkter i veka (!) er det ikkje så veldig god plass til løpeturar. Og det er eigentleg heilt greitt. For eg kjenner at sjølv om eg løper veldig lite for tida, så er løpeformen faktisk ganske bra!

Eg er spesielt fornøydd med at dei dagane etter å ha trent knebøy virkar det som om beina er ekstra sterke. I motbakken kjennest det faktisk som om nokon dyttar meg i rumpa oppover!

I dag blei det ein liten roleg løpetur på 6-7km i variert terreng i skogen.
Eit tynt lag med snø/rim på bakken gav fine knirkelydar i behagelege 2-3blå, sola skein, og det var fredeleg.


Med så låg vintersol blir det eit heilt fantastisk lys på ettermiddagen, og det fekk me med oss i dag. Heilt nydeleg var det.

Eg er ganske fornøydd at det går så bra med løpeformen til tross for lite løperelatert trening til fordel for tung styrketrening. Spesielt når plantar fascitten riktig nok ikkje lar høyre frå seg så mykje meir, men etter løpeturane så kjenner eg kanskje littegrann prikking i hælane, så då er det heilt ok med berre ein løpetur i ny og ne.

Eg vil i alle fall heller kose meg med nokre skadefri løpeturar innimellom enn å bryte ned att det eg har bygd opp gjennom rehabilitering.
Og det ser ut til å funke bra.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar