(Og for å gjera det enkelt å sjå dei ulike "høgdepunkt" har eg framheva desse - for den utolmodige lesaren - og meg sjølv).
Kva skal eg sei om den månaden som har gått sidan sist innlegg?
- eg har testa ut eit nytt progam for styrkeløft "High Frequency Powerlifting"frå opplegget til Martijn Koevoets (klikk her for boka på Amazon), noko som har ført til god framgang
- mitt fokus på benkpress har ført til auka styrke i starten, men også til ei overbelastning av brystmuskulaturen på høgre sida - fysioterapitime er bestilt, sidan eg etter tre veker fortsatt har ca 70% redusert styrke i høgre armen (!)
- dei nye piggdekk på sykkelen har blitt ordentleg gode å sykle på, og vintertransportsykling går som ein drøm, også på snø, is og i -10C
- eg har kome meg ut på snowboard igjen og vekka til livet gamle ferdighetar, og er i ferd med å tileigne meg nye - nå er det brattare bakkar som skal berherskast på brett!
- sumomarkløft har snike seg inn i treninga ved sida av "vanleg", og eg likar sumo også
- å trene knebøy med styrkeløftsko og stanga høgt på ryggen byr på balanseproblem - så nå er det flittig trening av knebøy med høg stang og Fivefingers på "lette" løft, og trening på tunge knebøy med låg stang med styrkeløftsko eller Fivefingers
- trugetursesongen har også starta og dermed er ingen snødekka toppar for bratte lenger
- løping er utelukka for tida sidan eg får vondt ein merkeleg stad mellom brystmuskelfestet og skulderbladet på høgre sida - som sagt, fysioterapitime er til veka.
| Endeleg på snøbrett igjen - og himmelen er knallblå desse dagane - nydeleg! |
Det nye året 2016 har starta godt og blanda med andre ord!
"Anything can happen" blir nok slagord i år virkar det som.
"Anything can happen" blir nok slagord i år virkar det som.
Godt Nytt År 2016!
