3. mai 2017

Telt - eller berre ytterteltet?

I dag foretok eg ein liten utstyrstest.
Eg har nemleg lenge vurdert om eg skal investere i eit lite lettvektstelt.
Teltet mitt frå Fjällräven er ikkje av dei tyngste heller, og det er masse plass i teltet til tross for forholdsvis låg vekt.

Men i underkant av tre kg blir likevel litt mykje.
Eg vil helst ha sekken lettare når alt utstyr for overnatting ute er på plass.

Eit alternativ til å kjøpe nytt telt, er å berre bruke ytterteltet.
Fjällräventeltet mitt gjer det ganske enkelt:
Det er berre å sette opp teltet som vanleg, og så hekta av innertelt.
Så er det berre "skallet" igjen.
Herleg og litt overraskande kor god plass det blei plutsleg der inne!?
Det virka som reine festteltet dette!


Luftig blir det også, og lyst.
Og når Lukasgutten heller ikkje er glad i å tråkke på ein glatt teltbunn, så treng med den jo  heller ikkje, i alle fall så lenge det er tørt på bakken.

Der eg slo opp teltet i dag, var det ganske fuktig på plenen, så eg bruka vindsekken under liggerunderlagene som beskyttelse.
Vindsekken er jo ein fast del av dagstursekken min, så den kan fint fungere som teltbunn der det trengst.

Lukasgutten synst teltet var luftig og fint og romsleg, og kom villig inn for å legge seg litt og slappe av.

Så dette virka ikkje så verst.
Men likevel - når eg trekkar frå innerteltet som veg teltet fortsatt runde to kilo.
Og det er i grunnen ei grei vekt for eit telt, men kanskje ikkje for eit "skall".. då hadde det nesten vore like greitt å hatt med tarp på tur, og då kan dei lettaste tarp vege så lite som ein fjerdedel...

Så eg er fortsatt i tenkeboksen og streifar gjennom ulike nettbutikkar for å kikke på lettvektstelt.

Det er ikkje sikkert eg får bestemt meg - og det kan hende det blir lettare når eg først har fått brukt teltet mitt nokre ganger.
Ein annan ting å tenke på er at viss eg slår opp teltet ein plass der det er mygg og/eller knott, då er det kjekt med innertelt - ikkje berre kjekt, men ein nødvendighet!

Så me får sjå kva det blir til slutt...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar