Viser innlegg med etiketten sykling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sykling. Vis alle innlegg

4. juni 2016

"Kardio"? "Kondis"? Eller berre løpe...

Ettersom eg var nødd til å ta ein pause frå regelmessig løpetrening frå hausten 2014 pga plantar fascitt, så har eg altsa vanka i "styrketreningsmiljøet".

Nåja, eg kan ikkje akkurat sei at me har eit spesielt utvikla miljø her i bygda, tvert imot, me har vel i grunnen dei fleste forskjellige typar av folk som driv med styrketrening.

Sjølv så har eg nok veldig sansen for "old school" styrketrening: tunge vekter, manualar, vektstenger med store skiver, samansatte øvelsar og styrkeløft.
For å legge på litt muskelmasse har eg også begynt å med sett på fleire enn 5-6 repetisjonar. Og det har gitt resultat (som eg burde ta bilde av - er jo så  moro med musklar når dei først dukkar opp).
Jada - eg prøvar meg på selfie, men eg skjønner ikkje høss folk får det te.
Flekse musklar og samtidig halde mobil osv.... utan å bli blå i trynet? :D
Eg likar nok best dei "store gutta" må eg innrømme - eg har så sans for trening av styrke, dvs, trening av maks stryke der musklane er teikn på muskelkraft.
Samtidig så ser eg meir og meir det estetiske ved dei som driv meir bodybuilding-retta trening - dvs fokus er retta mot muskelgrupper, trening av enkeltmusklar, og gjerne mange sett med rep'ar på 6-8 eller 10-12 eller kanskje enda fleire for å "få pump" (som forøvrig ikkje er oppskrytt, men ein fin måte få blodet i musklane på - så dette har eg faktisk gjort innimellom eg også).
Hammercurl på bestilling. Trikset med å ta fine bilder av musklane sine er belysning som lagar skyggar,
og at ein virkeleg brukar muskelen først - og mens ein tek bilde.
For kvifor skulle ein muskel (spesielt hos jenter) vera stor når den ikkje er i bruk??
(pump pump pump hjelpar også ;) ) 
Så nå blandar eg styrkeløftøvelsar (knebøy, benkpress og markløft) med meir "bodybuildingprega" trening av skuldre, rygg, armar og bein, og kjerne (mage).
Målet mitt er å bli sterk - og auke muskelmasse.

Men ein ting eg neppe (for ikkje å sei aldri) kjem til å adoptere, er uttrykket "Kardio".
Ja det er jo for å skille mellom trening for muskelmasse, og trening for å styrke kondisen (hjarte-kar-systemet, kardio står jo for hjarte).

For tida så trenar eg styrke fire gonger i veka, og av og til så løper eg. Eg løper ute, eller på mølla. Litt tempo, eller i bakke, eller intervall.

Det var frykteleg varmt ute, og eg skulle springe intervall. Det blei mølle - for
det er veldig effektivt, og eg skulle trene styrke etterpå.
Svetten rann i strie straumar. Til høgre eit glimt av utstyret for yndlingsøvelsen min:
benkpresstativet ;)
Det hendar at eg syklar. Må berre, spesielt når det er så fint og varm somarvêr.

Men eg driv ikkje med kardiotrening.
Niks.
Ein gong triatlet, alltid triatlet.
Sykling på temposykkelen tidlegare i mai -
med snødekka toppar rundt meg og varme nede i dalen. 
Har du tatt ein ironman, så har du det.
Då kan ein ikkje snakke om kardio.
Då heiter det løping.
Sykkeltur.
Svømmeøkt.
Årets første "svømmeøkt" ute - UTAN VÅTDRAKT!
Og dette alt 2.juni. Nydeleg. Heilt nydeleg :)
Sjølv om eg først løper intervall på mølla, slik som  i går, for så å trene skuldre, armar og mage - først så løper eg, så trenar eg styrke.
Andre gjer det same og snakkar om kardio.

Men eg likar berre å løpe eg...

27. februar 2016

Årets første sykkeltur ute!

I dag er det altså laurdag, den 27.februar og eg har vore ute og sykla.
DET er tidleg, det!
Og ikkje berre sykla med terrengsykkel og piggdekk, men med racer'n.
Jepp.
Riktig.
R A C E R S Y K K E L E N!

Planlagt var det ikkje.
Eigentleg skulle eg trene knebøy i dag, og benkpress, men så var eg rett og slett fortsatt støl etter torsdagens treningsøkt. Då tok eg nemleg ordentleg i, med fleire sett med markløft, der eg faktisk til saman løfta heile fire tonn (50kgx10, 60kgx5, 70kgx5,75kgx8, 75kgx9, 75kgx8,  75kgx9, 60kgx5)!
Så prøva eg meg på styrkevending. På anmoding av ein som gir meg litt tips om løfting. Eg skal jo forbedre knebøyen min, og bli sterkare. Så då prøva eg styrkevending, og det var moro.
Styrkevending.
Men styrkevending var også uvant - så eg blei veldig støl i går, og er det fortsatt i dag - og dessutan var eg ein tur på sjukehuset i går, for mammografi og ultralyd pga litt mistenkeleg masse i eit av brystene, og sjølv om det viste seg til ikkje å vera noko farleg, så var eg ganske køyrd. Med andre ord: sykling ute i solskinnet passa meg i dag mykje bedre enn tunge løft!
Første stopp etter 2km for å ta bilde - er berre nydeleg altså!
Temperaturen var ok, eit par-tre gradar over null, og litt vind i ryggen i starten.
Eg var litt usikker kor mykje klær eg skulle ha på - men som oftast kan ein jo sykle litt fortare om ein blir kald, mens når ein er kledd for varmt så synst eg at det er ganske slitsamt uansett.

Men med fleire tynne lag blei det ganske bra. Og eg trur mange turar på sommaren kan bli kaldare enn denne turen var i dag!
Nydeleg sykkelføre i dag - vinden på veg tilbake blei litt kald, men det gjekk sånn akkurat.
Vegen var tørr og fin, lite grus langs kanten, og til tross for at det var vinterferie, så var det relativt lite trafikk. Sola glitra i vatnet, og himmelen var sååå blå :)
Eg har dekk med meir mønster på racer'n enn på tempoen, så det blei racer i dag.
Inspirert til denne sykkelturen blei eg ved synet av ein landeveissyklist på tur tilbake frå sjukehuset i går - så lenge ein kler seg riktig og det ikkje er is på vegen går det jo fint an å sykle også på vinteren!
Eg kjente i alle fall at eg blei litt lykkeleg - dette har eg savna lenge!
Utsikten rundt vatnet er berre så nydeleg - og yndlingsfjellet mitt i bakgrunnen ;) 
Det kjendest så lett å sykle på racern - samanlikna med terrengsykkelen med dårleg smurt kjede og breie piggdekk med 360piggar pr dekk så kjendest som eg nærmast svevde avgarde.
Heilt nydeleg.
Lite trafikk også - og fine og tørre vegar.
Eg tok min vanlege vårturen, fram til ein campingplass og tilbake, sidan det då blir ein del høgdemeter, fin utsikt, ca ein times sykling på ca to mil. Eg hadde berre med litt sjølvblanda sportsdrikke, og litt musikk på det eine øyraet, og det var akkurat passe.
Og racer'n min trilla så lett, så lett...
Racersykkel med påmontert tempobøyle funkar fint.
Etterpå kjente eg at eg faktisk hadde tråkka vekk noko av stølheten i rumpe og lår, så det var godt. Eg følte meg også utruleg forfriska, noko som ikkje alltid er tilfellet etter ein sykkeltur.

Tilbake i sentrum møtte eg riktignok ein bilist som gestikulerte vilt og forbanna over at eg hadde stoppa langs vegen for å sleppe han og bilen foran han forbi meg, sidan det var noko isete partier, men slik er det. Sånne bilistar finst. Han rista med hovudet og peika slik i retning "kom deg ut på gang- og sykkelstien" - men denne var full av is, og uansett, så velger eg sjølv kor hen eg syklar, din j****** idiot! Eg skulle vise han fingeren, men med alpinvottane blei det meir som ei knyttneve, men han skjønte kanskje det. Han fekk nokre saftige bannord etter seg, sidan eg var i godt (og kranglete) humør :D
Eg syklar på vegen så mykje eg vil. Så det så.



17. november 2015

Sykkelkræsj!

Hausten er her, dvs eigentleg så kan me vel nesten snakke om vinter, sjølv om for meg så høyrer det snø til vinteren her oppe.

Men - temperaturen ligg fort rundt frysepunktet, på morgonen og kelden, og i kombinasjon med regn eller berre fuktige vegar så kan det fort bli speilglatt!

Eg syklar alltid gjennom heile vinteren. Sykkelen får berre stå heime når det er knallfrossen snøslaps elker djupe spor på vegane. Det har gått smerte- og skadefritt så langt.

Men - i går skulle eg trene styrke, det stod benkpress og markløft på programmet.
Måndag er gjerne ein dag der eg køyrer tunge vekter på markløft ("Måndag er markløftdag"). Dessutan er ofte "gutta" (eller "muskelgutta" som nokon kalla dei) på trening, og mange av dei er anten veldig opptatt av benkpress sjølv, ellers å hjelpar dei i alle fall gjerne med teknikken.

Så eg gleda meg te ei treningsøkt og susa avgarde - bokstaveleg.
Bakken ned til sentrum er på 1km og har 100m høgdeforskjell, og i den siste svingen blir det ganske bratt. Det var også etter denne svingen det plutseleg dukka opp is på vegen - heilt uventa altså!

Lenger oppe var vegen våt og det spruta, og grepet var godt.
Men så skjedde det plutseleg at sykkelen min og eg sklei/velta.
Sykkelen blei slengt over grøftekanten ned på eit jorda mens eg fortsatte ferda nedover på den isete vegen - sikkert 40m eller noko - det var rett og sett såpeglatt!

Eg bruka hjelm, men tok imot all støyten med venstre arm og lår - noko av støyten på låret tok kombinasjon lommebok+mobil i bukselomma på låret i mot (heldigvis overlevde mobilen), og eg fekk berre skrubbsår på låret og albuen.

Den gode fine og ganske nye Norrøna-buksa mi fekk eit ublidt møte med asfalten.
Buksa og jakka derimot fekk store flenger... ikkje så greitt når både Norrønabuksa og Bergans skalljakka var kjøpt inn ny i år!

Men - heller materielle skadar enn personskadar, dessutan var eg heldig at eg ikkje møtte ein motkomande bil, for verken bilen eller eg hadde vel greitt å stoppe i tide på den glatte vegen...

Eg møtte heldigvis ein bekjent med bil som køyre meg til Intersport til vår dyktige sykkelekspert som skulle fikse sykkelen for meg, sidan eg styret hadde vridd seg og kila seg fast 180gradar, og noko av giret bak hadde losna og litt nokre smådelar var knekt.
Kvardagsbilde av sykkelen min - den er i bruk nesten dagleg.
Når er den til reparasjon, stakkars.
Eg blei litt lei meg og gråt vel ei tåre eller to, det kom jo så aldeles  brått på meg, det blei skikkeleg knall og fall.
Men - det var ikkje verre enn at eg sjekka albue og låret, droppa legevakta, og reiste på treningssenteret. Der fekk eg ein av gutta til å hente plaster til meg, og roa nervene enda meir med nokre sett med benkpress.
For heldigvis hadde eg nesten ikkje slått meg.
Eg ligg for det meste mellom 40 og 50km/t i nevnde sving, sidan det er så utruleg moro og suse ned den bakken, så hadde det ikkje vore for isen eg sklei på, hadde eg nok slått meg meir og neppe dratt for å trene styrke etterpå.

Men for meg har styrketrening nå fått ein ganske stor og betydningsfull plass i livet, så det skal litt til for at eg droppar ei økt!
Eg trivst rett og slett godt med å løfte tunge vekter. Og eg likar å trene saman meg gutta, då blir det ikkje noko "tull", det er berre å legge på meir vekt å prøve.
Knebøy likar eg best å trene aleine - då treng eg konsentrasjon og fokus -
slik at knea peikar riktig retning og teknikken blir bra.
Det er ikkje alltid slik at det som funkar for gutta funkar for meg.
Det er faktisk forskjell mellom menn og kvinner påå måten tunge vekter blir løfta på når ein nærmar seg maksvekt. Kvinner skal visstnok greie mange reps tett oppunder maksvekta (1RM) mens menn greier å ta ein 1RM men ikkje fleire reps tett oppunder maksvekta.
Fokus på teknikken på knebøy - korleis skal føtane plasserst, tru?
På benkpress prøva eg altså 35kg i går (men det var gutta som la på, eg var ikkje heilt klar eigentleg etter sykkelkræsjet, men slik er det med gutta), men det gjekk berre "nesten" som gutta sa. Eg prøva meg to gonger, men greidde ikkje å løfte stanga meir enn 7-8cm opp frå brystet...
Etterpå så prøva eg fleire sett på 30kg og gutta blei litt forundra at eg greidde fleire reps på 30kg og litt til, mens eg ikkje greidde 35kg.
Ja merkeleg er det.

Benkpress har eg skrive om før, og eg synst fortsatt ikkje at eg beherskar teknikknen godt nok.
Eg finn rett og slett ikkje ut kva måte som funkar best for meg. Det er også så mange detaljar og alternativer. Men - eg likar jo utfordringar så eg skal ikkje gje meg.
Dessutan er gutta blitt meir engaserte i det siste sidan dei heller ikkje heilt skjønner kva det er som ikkje funkar - sidan eg eigentleg er "sterk" men det er eit eller anna som skjer når eg senker stanga, då mistar eg trykket/spennet/kva-veit-eg.
Slik ser det ut når gutta løftar tungt på benkpress: 215kg 
Gutta er sterke altså! 
Markløft ligg eg fortsatt på 95kg på 1RM noko som er utruleg bra, og veldig mykje bedre enn min puslete 1RM på 33,5kg benkpress. I dag tok eg ein rask og effektiv halvtime med knebøy, og kunne faktisk perse med 1,5kg. Det er kanskje ikkje så mykje men eg får til teknikken nå og aukar heller berre litt kvar veke enn at teknikken blir dårleg.
Det er lov å auke med små skiver også. 
Så eg er fornøydd.
Eg er også glad for at det gjekk så bra som det gjekk i sykkelkræsjet. Det som gjenstår nå er å lappe den fine buksa mi. Og la skrubbsåra gro. Heldigvis er dei på plassar som ikkje hindrar trening.
Det gjenstår også å miste stølheten i leggane mine etter 20min intervalløkt på mølla.
For nå er kneet mitt bra igjen, og eg har til og med jogga litt langtur i skogen og på grus.
Utsikt frå ein liten topp i nærheten - her trengst det ikkje løping,
det blir nok trening for beina å gå opp på den - og så får ein nydeleg utsikt som
belønning!
Sist fredag tok eg og brente av noko krutt på mølla - med Fivefingers på var vel dei få minuttane med 11km/t, 12km/t, 13km/t og 14km/t litt heftig, men men. Det gjekk bra.

Så alt i alt er eg fornøydd.
Etter forsøket på å perse i benkpress i går er eg også utruleg støl i tricepsen, og det er bra.
Då veks den i dag og blir sterkare. Det er jo bra.
Musklane veks, og skrubbsåra gror.
Det går riktig veg med andre ord.