(Og for å gjera det enkelt å sjå dei ulike "høgdepunkt" har eg framheva desse - for den utolmodige lesaren - og meg sjølv).
Kva skal eg sei om den månaden som har gått sidan sist innlegg?
- eg har testa ut eit nytt progam for styrkeløft "High Frequency Powerlifting"frå opplegget til Martijn Koevoets (klikk her for boka på Amazon), noko som har ført til god framgang
- mitt fokus på benkpress har ført til auka styrke i starten, men også til ei overbelastning av brystmuskulaturen på høgre sida - fysioterapitime er bestilt, sidan eg etter tre veker fortsatt har ca 70% redusert styrke i høgre armen (!)
- dei nye piggdekk på sykkelen har blitt ordentleg gode å sykle på, og vintertransportsykling går som ein drøm, også på snø, is og i -10C
- eg har kome meg ut på snowboard igjen og vekka til livet gamle ferdighetar, og er i ferd med å tileigne meg nye - nå er det brattare bakkar som skal berherskast på brett!
- sumomarkløft har snike seg inn i treninga ved sida av "vanleg", og eg likar sumo også
- å trene knebøy med styrkeløftsko og stanga høgt på ryggen byr på balanseproblem - så nå er det flittig trening av knebøy med høg stang og Fivefingers på "lette" løft, og trening på tunge knebøy med låg stang med styrkeløftsko eller Fivefingers
- trugetursesongen har også starta og dermed er ingen snødekka toppar for bratte lenger
- løping er utelukka for tida sidan eg får vondt ein merkeleg stad mellom brystmuskelfestet og skulderbladet på høgre sida - som sagt, fysioterapitime er til veka.
Endeleg på snøbrett igjen - og himmelen er knallblå desse dagane - nydeleg! |
Det nye året 2016 har starta godt og blanda med andre ord!
"Anything can happen" blir nok slagord i år virkar det som.
"Anything can happen" blir nok slagord i år virkar det som.
Godt Nytt År 2016!
Godt Nyttår til deg også!
SvarSlettLeste selvfølgelig styrkeopplegg med et øye, skyldbetynget, og enda litt mer skyldbetynget over at jeg ikke bruker fivefingersene mer, (trenger madrasser inni nulldroppen min -).
Lykke til på fysio, for gæli at det nå er skuldra og ikke pf-en som spolerer løpinga!
Takk for det! Det er jo ganske utruleg at det alltid skal vera eit eller anna altå. Men PFen er i dvalemodus i alle fall - sjølv om eg trur eg skal ta omsyn til den når eg startar oppatt med meir strukturert løping - kjenner fortsatt litt "lugging" men på motsatt fot :O :D
SlettAltså eg hugsar fortsatt godt då eg blogga om å "knekke styrketreningskoden" då eg ikkje greidde å motivere meg til å trene styrke. Nå har eg jo fullstendig snudd dette på hodet. Nå greier eg ikkje la vera - det er noko med framgang som eg vil ha meir av, og dette har eg ikkje hatt før - eit par gonger i veka er liksom berre "plikt"styrketrening, men 3x eller meir, då får ein plutsleg kule musklar og kjenner seg sterk! Og så får ein beundrande blikk frå mannfolka på treningssenteret :D :D
DET er noko som eg vil ha meir av, rett og slett.
Fivefingers - tja om du ikkje brukar dei så ofte så luktar dei i alle fall heilt sikkert bedre enn mine - kan jo vaske dei, men likevel... :D