2. desember 2015

Superkrefter!?

Så nå har eg faktisk gjort noko bra på mandag.
Eg har tatt ny pers i benkpress!!

Nokon påstår jo at som nybegynner så er det ikkje "ekte" pers, dvs når ein som nybegynner fortsatt jobbar med å lære seg teknikken til basisøvelsane som knebøy, benkpress og markløft, så vil ein, om ein gjera det riktig, bli sterkare uansett og greie å løfte tyngre med tida.

Men likevel - utfordringa er jo faktisk å forbedre teknikken sin, og trene regelmessig, og ete riktig, og fordele treningsøktene riktig, ha nok restitusjon innimellom, og vera modig nok til å faktisk legge på litt meir vekt enn det ein skulle tru ein klarte å løfte.

Tidlegare har eg slite med benkpress. Syntest ikkje øvinga var morsam i det heile tatt.
Den kjendest ikkje riktig, eg fekk vondt i venstre skulder heile tida, eg fekk liksom ikkje inntrykk av at eg hadde brystmuskulatur eg kunne bruke i det heile tatt!

Men så har eg altså redusert markløfttreninga (som er ganske krevande, den brukar så å sei mesteparten av kroppens musklar og er dermed ei tøff og utmattande øvelse), og så har eg virkeleg tatt til meg alt av instruksjonsvideoar og artiklar på nettet i tillegg til at eg har drøfta og diskutert med gutta på trening.

Eg har bedt gutta om å sjå på og kome med kommetarar, kritikk og forslag og innspel. Og det gjorde dei. Nokon var meir konstruktiv enn andre. Men eg tok alt til meg.
Puste ordentleg,  ta stanga roleg frå stativet, senke stanga sa-a-a-kte og kontrollert, ha meir fart med stanga oppover - god oppspenning, skyte fram mage og bryst og halde spenninga gjennom heile løftet, breiare grep, føtane planta i golvet, ja det var ikkje få ting eg gjorde feil altså.

Men - det har lønt seg. Etterkvart så kunne eg auke mine stusselege 33,5 kg til 35kg, og så plutseleg på måndag hadde eg  superkrefter virka det som!?
Me har to benkpressbenkar på treningsenteret, og sidan eg trenar når gutta er der, så er i alle fall eitt stativ opptatt på eit visst tidspunkt på måndagar (det er benkpressdag på måndagar bl.a. må vite). Så eg møter opp litt tidlegare for å oppta det eine stativet (med benken som er litt smalare som passar meg best, men som altså blir opptatt etterkvart av ein av dei som virkeleg er sterk i benkpress).

Etterkvart blei klokka mykje og eg hadde fortsatt stativet for meg sjølv. Eg skjønte at HAN ikkje kom, og kunne eigentleg berre ta så mange set som eg ville - ingen hastverk - mens ein av dei andre gutta tok det andre stativet - det var faktisk herleg!

Eg kom fort opp til 30kg etter nokre oppvarmingssett, og kjente at eg berre vakna meir og meir (etter å ha surra rundt i ein halvkomaaktig tilstand berre eit par timar tidlegare den dagen) og putta på ein kg til, og så litt til, og så litt til. Plutsleg hadde eg koma til min gamle pers på 35kg. Den tok eg.
Vinka til gutta og ropte "Ja det var jo kjempelett!".
Eg veit ikkje om det var det, men eg fekk meg til å tru det.
Det sit i hodet, pleiar HAN å sei (som er så god i benkpress).

Ok, då putta eg altså på ein kg til, og løfta. Jepp, det var "kjempelett" det også.
Så putta eg på ein kg til, og då begynte ein av gutta å bli litt utolmodig.
Det er visst ikkje spesielt - tja, kva skal eg kalle det? - "tøft"? "mandig?" å auke vekt med berre éin kg av gangen. Men eg gjer det likevel. Fordi eg vil det slik.
Og fordi det fungerar for meg.

Men ein av gutta meinte altså eg kunne likså greitt ha auka til 37,5kg (som er då ei meir ordentleg auke). Så eg bytta rundt på skivene til eg var på 37,5kg og løfta.
Det gjekk det også! Hurra!!!
Det var ikkje noko pent løft. Eg forhasta meg litt. Slepte nesten ned stanga i brystkassa - noko som ikkje gjer noko med "berre" 37,5kg. Så eg tok mine nye pers ein gong til.
Åååå då måtte eg virkeleg ta ordentleg i.
Men det gjekk - som ein av gutta sa: "Det gjekk jo bra, men du kunne ikkje hatt ein hektogram meir på stanga av vekt." (han sa hektogram og ikkje hundre gram).

Hehe - eg tek det som eit kompliment, sidan eg då virkeleg greidde å strekke meg maksimalt, greidde å løfte den tyngste vekta eg greidde den dagen i den øvelsen. Verken meir eller mindre.

Eg er virkeleg fornøydd.
Skulle ønske eg hadde tatt bilde av det heile, men eg er litt overtroisk - vil ikkje at nokon skal stå klart med kamera. I tilfellet. I så fall vil eg ikkje vite om det.

Men ny pers er ny pers, og det beste var, at det kjendest virkeleg som om eg hadde superkreftar den dagen!
Nydeleg følelse var det!
Dagen etterpå blei det resitusjon, og i dag så tok eg knebøy og litt benkpressteknikk med lette vekter, men i dag var det ikkje mykje å hente styrkemessig hos meg.

Men det gjer ingenting.
Eg er så fornøydd med framgangen min.
Og venstre skulder er i ferd med å bli bedre.
Eg kjenner at den ikkje er heilt god enda, ikkje 100%, men viss eg passar på, så går det bra framover.
Veldig bra.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar