11. oktober 2016

Hugs mat til hunden!

På sundag var det "heldigvis" overskya.
Nå når me har hatt så mange fine haustdagar med så nydeleg solskin synst eg at det blir vanskeleg å ikkje vera ute.

Men sidan det var overskya fekk eg ro nok på meg til å sette i gang eit prosjekt eg har hatt lenge på lista mi. Eg skal nemleg sy ein singlet i ullstoff.
Nå finst det ullsingletar å få kjøpt.
Men dei er det ikkje mange av. Og tatt i betraktning kor små singletane er, så synst eg at dei er ganske dyre. I tillegg har eg greidd å slite ut mine to ullsingletar frå Devold, og kunne gjerne hatt fleire.

Så nå skal eg sy meg ullsinglet.
Men - først laga eg meg symønster frå ein singlet eg hadde frå før, og som passa heilt perfekt (Nike Miler) - såpass perfekt at eg har singleten i tre forskjellige fargar. Heilt nydeleg er den!

Så då sat eg meg ned og teikna og måla og klipte, og teikna litt til, og justerte og strauk over, og lima på papirbitar, osv, til eg til slutt hadde noko som likna på eit symønster: framside, ryggside og to delar som går langs sidene.

Sidan eg ikkje har noko ullmetervare for tida, og ikkje hadde lyst til å klippe i gamle ulltrøyer med eit symønster eg ikkje har testa før, laga eg meg eit testplagg - frå eit rosa fleeceteppe eg uansett skulle bruke som materiale.



Det er moro å drive med syprosjekt, men det finst grensar for kor mange timar i strekk eg kan sitte med slikt før eg får maur i rumpa og må ut.
Lukas skulle også ut.

Så då tok eg med nokre pølsar, eit par brødskiver, teposar, honning og smør (ja eg brukar ekte varar, i alle fall på tur) og drog ut i skogen.

Det er veldig koseleg å fyre bål når det er overskya og litt yr i lufta, og haustgrått ute.

Eg har blitt meir og meir glad i dette "IKEA"-bålet. Det er så utruleg kjekt - det krev lite plass, lite ved. og kan regulerast fort opp og ned i størrelse, noko som er kjekt når vinden plutseleg frisknar til.

Tevatnet derimot varma eg opp med gass, sidan eg ikkje hadde tatt med noko bedre kokekar eg kunne bruke på open flamme. Neste gong, kanskje.

Dessverre hadde eg gløymt å ta med hundemat, og Lukasgutten var ikkje blid når klokka nærma r eg 18. Han blei ganske utolmodig. Dei få pølsebitane eg delta med han, var ingen trøst. Ikkje noko brødbitar heller.

Derfor blei me ikkje så lenge i skogen som planlagt. Han greidde rett og slett ikkje å slappe av, og eg heldt på å bli sprø av det.
Så etter eit par timar drog me tilbake, men det var heilt greitt.

Eg er for tida så utruleg trøtt når det blir mørkt at det er greitt å avrunde tidleg på kvelden.

Eg meinar at det er slik kvar haust, når mørkret kjem tidlegare og tidlegare.
Det er som om hjernen min er fortsatt i sommartid, og trur at når det blir mørkt, så skal eg sove.
Jaja.
Men dette ordnar seg av erfaring i løpet av oktober/november, når mørkret blir ein del av dagen, og ikkje lenger innleiar kvelden.

Enn så lenge får eg berre legge meg tidleg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar