18. november 2016

Luksuslunsj med utsikt.

På tysdag denne veka blei det utelunsj på meg igjen.

Denne gongen tenkte eg også å trene meg sjølv litt meir, og pakke sekken ordentleg med alt som skal til, og så trekke litt lenger oppover enn eg har pleidd å gjera.
For denn dagen var det tåke nede i dalen, så då håpa eg på solskinn lenger oppe.
Noko som også viste eg å stemme.
Eg veidde ikkje sekken, noko som eg angra då eg kom heim, men kanskje skal eg gjera det neste gong før eg drar. Men eg fekk det travelt, og syntest sekken var "passe tung" - kanskje 10-12kg?
-----------------------------------------------
Eg pleier å pakke det følgande, nesten uansett vind og vêr og sesong:
  • stormkjøkken (mini) frå Trangia, dvs gassbrennar, tennstål, 1,5L-kjele
  • gassboks
  • vindsekk frå Jerven (uisolert)
  • liten sommarsovepose for kosens skyld (ikkje på sommaren)
  • ekstra ulltrøye
  • fleecejakke
  • vanntett pose for maten inkl.pose med bestikk som inneheld fast:
    • ein porsjon med sukker
    • enda ein porsjon med sukker
    • salt
    • smørekniv, gaffel, skei, treskei, tresleiv/smørkniv av tre
    • lighter
  • ein liter med vatn
  • drikkekopp av titanium 
  • 5dl-kopp av emalje
  • reservetilbehør som alltid er i innerste lomma i tursekken:
    • tennbrikettar
    • lighter
    • hudkrem (viktig for å unngå sår og tørre lepper for meg)
    • minitrådsag
    • minikompass
    • kniv
    • sjokolade men mindre eg har ete den opp sånn ein dag eg var veldig sjokoladesugen!
  • to samanbrettbare sitteunderlag
  • er det kaldt: varme votter, fleece-buff, varm lue, pulsvarmarar
-----------------------------------------------
Eg likar å kose meg på tur, og pakkar nok derfor kanskje vel mykje i sekken - men eg likar også godt å bera sekk og ser på den ekstra vekta som ekstra trening til turar der eg virkeleg skal bera tung sekk. Samtidig så velger eg heller litt dyrare alternativ på utstyr viss dei også er lettare. Slik at ikkje sekken blir blytung. For då er det heller ikkje å moro lenger...

For å få ekstra treningseffekt for overkroppen tok eg også med meg stavar. Det er eigentleg ganske kjekt med staver når ein ber tung sekk, synst eg.

Slik såg det ut då eg starta - tåkelagt ned i dalen, og utsikt mot fjellet der oppe i solskin!
Det var meldt sol seinare på dagen, mens det nede hos meg var tåkete - men det gjekk an å skimte blå himmel gjennom tåka, så det var eigentleg berre å starte å gå.


Det stemte godt - etter berre ein halv time oppover var det strålande solskin, blå himmel, og tåka tlbakelagt!
Eg måtte snu meg innimellom for å sjå meg tilbake, og kor langt over tåkehavet eg hadde kome. Utruleg deileg å koma seg opp frå tåka og nyte solskin!
Vel framme var det berre å byte til tørt ulltøy (deileg!) og pakke ut sitteunderlag og stormkjøkken og maten. Lukasguten blei som alltid interessert i kjøttdeigen eg steikte! Han venta nok på sin andel.

Kjøttdeigen hadde eg tatt rett ut av frysaren og i sekken, og den var ikkje halvtina eingong etter halvannan time tur, men den gjekk det utruleg fort å steike! Eg er veldig fornøydd med kokeutstyret mitt, som den dagen bestod altså av Trangia gassbrennar + Trangia kjele (med non-stick-belegg som funkar veldig bra - slitesterkt er belegget derimot ikkje, så neste gong blir det hardanodisert aluminium!).
Oppi den ferdig steikte kjøttdeigen hadde eg ein halv pose med suppepulver (kantarellsuppe frå Knorr eller Toro meiner eg var det) og litt vatn - så tok det berre 4-5min med putring i kjelen, så var lunsjen klar!

Sidan eg synst ein kjele med volum på 1,5L blir litt stor til å koke opp vatn til kaffe eller kakao, har eg alltid med ekstra kopp - ein kopp av emalje (som dermed toler både gassbrenner, spritbrenner og bål) som rommar 5dl, litt for lite til middag, men passe til å lage drikke, og mitt siste kjøp, sidan eg var så nysgjerrig på Titan: ein kopp av titan å drikke av istadenfor plastkopp.

For moro skyld, og for å spare littegrann drikkevatn, så smelta eg litt snø også. Det blei veldig god kaffe, og sola varma godt i ansiktet, mens vindsekken gav ekstra varme til beine, og titandrikkekoppen gjorde jobben sin også - dette var nydeleg altså. Luksuslunsj!

Dette utsiktspunktet mitt ligg på ca 700m.o.h, og utsikten er bra. Det begynte å blåse frå den høgda den dagen, men med skogen i ryggen sat me i le for vinden, så det utruleg deileg med sola i ansiktet. Og temperaturen var berre såvidt over frysepunktet, så det var heilt topp!

Etter 1,5timars lunsj begynte det å bli littegrann kjøleg, og sola var på veg ned, så då tenkte eg at eg skulle gjera det same - dessutan hadde eg planlagt ei treningsøkt seinare den dagen og eg trengte litt meir mat for å lade opp til denne.
Det var ein utruleg deileg tur - og til tross for 500m stigning på 1,5t, og same strekning ned att på ein snau time, så gav denne turen såpass med energi at eg tok ei lita treningsøkt på treningssenteret seinare den dagen - sola og frisk luft med så nydeleg utsikt gir rett og slett veldig mykje energi.
Deileg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar