24. februar 2016

Frontbøy - ny PR!

Her går det nå fryktelegt tregt med blogginga altså! Sjølv om eg har ingen grunn til å vera så lat eigentleg, og eg har allverdens ting eg kan blogge om!?
Men dagane går så fort mellom blogginnlegga.

Eg likar jo å loggføre treninga mi, og det gjer eg også, regelmessig, utan unntak. Alt skal skrivast ned. Og på den måten får eg framgang, og konstatert framgang, eller at treninga er meir i vedlikehaldsmodus.

Når det gjeld mine siste maksløft, så er dei fortsatt uendra: markløft på 100kg har eg ikkje testa sidan like før jol 2015, og dette er to månader sida, så det blir vel snart på tida å utfordre meg litt, eller kva?
Når det gjeld knebøy så har eg greidd 62kg - kanskje ikkje så mykje å skryte av samanlikna med mange andre, men ein skal ikkje samanlikne seg med andre med mindre ein får noko inspirasjon eller motivasjon ut av det.

Teknisk så synst eg ikkje knebøy er tilfredsstillande i det heile tatt - men det har også gått opp for meg at styrken i beina mine har kanskje auka i mykje større grad enn styrken i ryggen, og dermed kjennest knebøy ikkje godt når vektene blir tunge.

Benkpress er eg i ferd med å gjenerobre etter at muskel-TOS (thoracic outlet syndrome) satte ein stoppar for framsidetrening  - men sakte men sikkert så aukar eg igjen! Siste beste løft var 38,5kg og det var ein gong i november - den gongen auka eg med 3,5kg nesten, så dette var rett og slett ein super dag!

Frontbøy har eg alltid likt godt - den er så rett fram og teknisk enkelt, og eg kjenner at det er berre muskelstyrke som begrensar - hos meg så er det for det meste styrke i øvre rygg og skuldrene. Så for ikkje så lenge sida blei eg inspirert og motivert og tok frontbøy istadenfor knebøy og tok godt i, og greidde å løfte då 50kg - ny PR!

Nå burde eg snart gå i gang å lære meg ordentleg videoredigering, og legge ut film av mine PR - enn så lenge så blir det berre stillbilde:


Eg er ganske fornøydd altså - likevel så skal det jobbast med knebøy framover - og nærmare sagt, i dag. Nå. Snart.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar