28. september 2015

Eitt år med plantar fascitt - kva er stoda?

Eg trudde ikkje eg skulle måtte skrive dette innlegget.
For eigentleg så er nemleg PF'en på veg tilbake, har vore det ganske lenge nå.
Eg kan løpe 6-7km på asfalt utan problem, også med Fivefingers, og også opp til 10-11km i terrenget/på grus.
Men så måtte eg jo utfordre foten min på krevande topptur på laurdag...



Det er litt over eit år sida då symptomene på PF med smerter i hælen meldte seg, og sidan har eg virkeleg tatt omsyn, gjort øvelser, strekt leggmuskulaturen, trent styrke, konsultert fysioterapeut(ar), og trena meg opp til å løpe igjen sakte men sikkert.

Sjølv om eg har trent opp foten til å løpe 6-7km på asfalt, er det ein ting eg ikkje har gjort så mykje av i år: krevande toppturar. Ein ting er at leggmuskulaturen og føtane blir utfordra på veg opp, men det som er mest belastande er jo eigentleg nedstigninga, spesielt når stiane er så bratte som dei er her!

Likevel - det var meldt strålande solskinn sist helg, og eg vakna tidleg og utkvilt og samtidig rastlaus laurdagsmorgon. Solskinn på toppen. Åååååååå...... berre ein gong. Berre éin liten topptur. Må berre. Må berre....
Det er jo så nydeleg på fjellet om hausten!
Som sagt så gjort og eg kom meg ut litt over kl.10.
Eg pakka så godt og lett eg kunne - toppen er på 1370moh og eg bur på ca 200moh, så dess mindre vekt på ryggen, dess mindre belastning på føtane - spesielt på veg ned!

Sjølv om eg hadde trent godt både frontbøy og markløft kvelden før, så var beine sterke og klare. Nydeleg!
Det var fint vêr, ein del vind, og ein del folk.
eg møtte både folk som skulle innta toppen for første gong ("Er det langt igjen til toppen?") og lokale som kom tuslande ned fjellet med både børse og rifle (elgjakta er jo i gang).

Toppturen var reine oppturen.
Det gjekk mykje raskare enn i fjor i alle fall - eg følte eg hadde mykje å gå på.
Den einaste kroppsdelen som protesterte var magen - den ropte høgt etter mat etter berre ein time!
Så den fekk ei skive.

Og plutseleg - så var eg på toppen.
Det er alltid like nydeleg, sidan vardenen på toppen og sjølve toppen ikkje er synleg før du eigentleg kjem rundt "eit hjørne" og står 75m i frå den.

Det blåste noko heilt vanvittig, og selfietakinga blei fort droppa til fordel for å søk ly på den eine sida av varden som skjerma for vinden. Sol i ansiktet. Vind som blafra i labradorøyra.
Nydeleg utsikt over fjell langt der ute, og vatnet, og skyene.

Ein familie kom kort tid etter meg, så eg gav opp plassen min i ly.
Eg var så glad for at eg hadde pakka med meg både vindbukse og genser og vindjakke (og ekstra skalljakke) og buff, og hanskar og lue - og var glad for at eg hadde droppa sommarferieprosjektet til fordel for innkjøp av lett og funksjonelt turbekledning.
Hettegenser, vindjakke, lue - eg var glad for at eg pakka det med meg.
Vegen ned att var eg spent på: Korleis ville foten min reagere? Korleis vil knea få det?
Eg hadde nevnt dette for den lokale jegaren som delte mi bekymring for dette - kva skal du eigentleg gjera når du er høgt til fjells, aleine, og eit kne begynner å krangle?
For sikkerhets skyld hadde eg pakka med meg utvida førstehjelpsutstyr, altså inkludert støttebandasje og sportstape.
Det er mykje hjelp i sportstape for vonde eller ustabile kne, føtar og anklar, må vite.

Men det gjekk nå aldeles bra.
Samtidig var eg oppmerksam på korleis eg satte føtane mine.
Eg har nemleg i det siste opplevd ein viss ustabilitet i venstre kneet - spesielt etter lengre turar i skogen.
Men - foten (den høgre) krangla ikkje, så eg kunne virkeleg nyte nedstigninga.

Eg tok meg god tid, det var masse store fine blåbær å plukke, utsikt å nyte, og pinnar å finne til den pinneglade labbis-guten min.
Lenger nede møtte eg igjen den lokale jegaren og me slo av ein prat igjen (samt at eg fekk demonstrert lokkeropet av brunstig elgokse - er det elgjakt så er det elgjakt). Eg valgte grusvegen ned att framfor den bratte og kronglete stien gjennom skogen, og er glad for det.

Den siste halvtimen fekk eg nemleg vondt i kneet.I høgre kneet.
Foten var riktignok ok, kneet var vondt når stien blei for bratt.
Eg skjønte ikkje heilt kva som krangla i kneet - det var to stikkande smertar rett på utsida og innsida av kneet - noko som i etterkant tydar på irriterte meniskar (gir meining også mtp at eg hadde gått ned 8km på ganske bratt sti i fjellet).
Det gjekk heilt fint når vegen gjekk slakt nedover, men om stien blei litt for bratt, så blei det vondt.
Hm. Ikkje bra.
Pause på veg ned.
Dagen etterpå var eg ganske støl - mest i rumpa, noko som tydar på at eg virkeleg hadde tatt i med frontbøy to dagar før, men også ellers i kroppen. Min venstre biceps er uansett ikkje fornøydd med treninga for tida. Dessutan blei eg støl i foten. Men heldigvis var det ikkje vondt.
Men støl - nesten sånn at eg fekk krampar av å gå.
Og det er greitt sånn sett - eg bruka vel muskulaturen i foten meir enn det eg har gjort tidlegare i år, så det skulle berre mangle.

Det som er bra er at eg nå, to dagar etter turen ikkje har vondt i foten i det heile tatt - så restitusjonen har gått sin gang. Ja, det kriblar fortsatt - men det gjer det jo stort sett heile tida, og eg håpar at dette er følelsen av kollageremodellering - bandet under foten blir sterkare.

Min venstre biceps er framleis ikkje er fornøydd - så eg er nødd til å justere styrketrening mi i dag deretter - ingen store sprell for bicepsane i dag!
Kanskje må eg slutte å posere foran speilet og gje bicepsen min litt ro?
Men dette er jo høgre bicepsen, så eg skjønner ikkje kva den venstre masar om...
Vêret er like strålande idag, men heldigvis så har eg fått stilt mitt behov for topptur for nokre dagar. For med passe med restitusjon så kan det ikkje utelukkas at eg må prøve meg på igjen til helga.
Enn så lenge kosar eg meg med anatomiforelesningar og -bøker, og håpar at eg blir litt klokare av dette. Det kan også hende at eg tek ein telefon til fysioterapeuten min for ei avtale. Sånn for sikkerhets skyld.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar