8. september 2015

Ny PB i markløft. Hurra!

Då skjedde det igjen.
Ikkje det utenkelege, men likevel.
Måndag er blitt markløftdag.

Dagen for tunge løft og høg skrytefaktor!



Eigentleg hadde eg lagt meg på sofaen for å ta ein liten lur på ettermiddagen sidan eg var så trøtt etter rusletur med Lukasgutten i skogen. Så søvnig. Gjesp. Men - søvnen kom jo ikkje, mens alt anna orka eg ikkje.
Så kva gjer eg da?

Riktig, då gjer eg akkurat som eg pleiar på måndagar, eg drar til treningssenteret for å trene styrke. Og mandag ER markløftdag.

På garderoben til treningssenteret prøva eg å psyke meg opp med musikk, og det hjelpte litt.
Så tusla eg inn trøtt og søvnig med ei flaske utrørt cola, ei flaske vatn, og magnesium på tube, sånn halvdøsig. Nokre av gutta var der og var alt godt i gang.
Bra.
"Ja då tek du 90kg i dag?" var det ein som spurte.
Eg lo berre og sa at eg faktisk hadde tenkt å prøve 85kg i dag, men 90kg var vel litt langt unna.

Mitt beste løft på markløft har vore 80kg så langt, løfta 2x2gonger.
Men dagen i går var visst dagen for tunge løft, ikkje berre for meg, men for nokre av gutta også, for til slutt så var alle dei gule (15kg), blå (20kg) og raude (25kg) skivene opptatt, og berre få skiver på 5-10kg igjen på rommet!
Kult!

Alle dei gule skivene var opptatt i går. Og alle dei raude, og alle dei blå.
Det lovar godt!
Min faste markløftplass ved sida av det store speilet var opptatt, og det gjorde meg litt skeptisk i starten. Så eg venta litt. Men eg blei så utolmodig (og ikkje minst, trøtt) og ville ikkje vente til det blei ledig.
Så eg rigga meg til midt på rommet.
Jaja. Snakk om å presentere seg sjølv.
Følte meg litt slik:

Men  - når eg synst at oppvarming med 50kg er for lett, då går det faktisk heilt greitt å stå og løfte midt på rommet, og det er ingenting å skamme seg over, uansett kor mykje vekt ein skal løfte.
Markløftsetta mine bestod av 50kg x 5, 60kg x 5, 70kg x 5 og 80kg x 2 (på det siste settet hadde eg koma ut av tellinga og trudde eg at eg løfta berre 70kg og tenkte at jaja, er det så tungt å løfte 70kg to gonger så er det berre slik).
Men då ein av gutta kommenterte at "Ja dette ser jo bra ut" skjønte eg at eg eigentleg stod der med ei 80kg-stang.
Det forbausa meg og då fekk eg så godt humø at eg bestemte eg meg for å prøve å legge på.
To søte skiver på 2,5kg kvar blei lagt på enden.

Med riktig låt i bakgrunnen var det i grunnen ingen sak å løfte 85kg.
Det kjendest tungt men riktig.
HURRA!
Ny PB på markløft, 85kg i september, dette gjekk etter planen!
Så då kunne eg vel eigentleg ha gitt meg.

Men så var det nå i grunnen litt moro å utfordre meg, og dessutan blei eg litt inspirert av to av gutta som løfta særdeles tungt i benkpress og markløft.
Og dei jobbar hardt!
Mens eg fortsatt har følelsen av å leike meg litt blant gutta.
Jaja.
Eg putta på to skiver på 2,5kg i enden. Litt i smug.
Me får sjå, tenkte eg.
Eg venta nokre minutt.
Sjølv om eg kjente meg ikkje i det heile tatt pumpa eller sliten etter 85kg. Eg løfta tross alt berre éin gong.
Så stilte eg meg opp. Godt med magnesium i hendene for godt grep, stramma opp og trekke bak brystet og skuldrene, ryggen rett, rumpa ut, blikket framover og riktig mentalt bilde i hodet. Og: løft.
Gjort.
Der stod eg med 90kg.

"Halloooo, sjå på meg da, 90kg!!!" ropte eg ut og snudde meg med vektstanga, gjekk nokre skritt (fortsatt med 90kg hehe, eg må jo tøffe meg litt foran gutta), for eg følte at ingen hadde sett meg.
Joda, dei hadde vel sett meg, kanskje.

Utruleg kult. Eg blei i kjempehumør!
Sjølvfølelsen steig frå 40 til 99 (den siste "1" er den vesle usikkerheten rundt om dette var virkeleg sant eller berre flaks).
Eg lurte ei stund på om eg skulle få nokon til å ta bilde av løft nr.2 med 90kg, men fann ut at eg ikkje ville risikere det. Og så er eg også littegrann "overtruisk" - eg ville ikkje bli tatt bilde av på første eller andre forsøk.
Så eg tok berre bilde av vektstanga på 90kg:
Gul skive = 15kg + svart stor skive 10kg, + svart mindre skive 5kg,
 + to små skiver på 2,5kg og alt dette gonger to, + 20kg stang = 90kg
Neste gong skal eg passe på å sikre meg eit par av dei gule skivene til. Det ser jo mykje kulare ut. Men som sagt, i går var alle dei tunge skivene opptatt. Og godt er det.
Eg er så fornøydd.
Eg kan nesten ikkje vente til onsdag til ny treningsøkt.
Sjølv om det då ikkje er markløft som står på programmet.
Men moro er det.
Moro :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar