21. september 2015

Vær sterk! Hald ut!

Viss eg skulle oppsummere kombinasjonen av triatlontrening og styrketrening så måtte det kanskje bli slik: "Vêr sterk! Hald ut!"; og så kjem du deg gjennom det meste i livet.
Kanskje.




Då eg starta med løping hausten 2006 hadde eg løpt 5km to gonger i heile mitt liv.
Så fortsatte eg med løpeprogrammet mitt til eg hadde nådd mitt første mål - eller delmål: å løpe ein halvmaratondistanse.
Dette gjorde eg da annan joledag 2006. Heime, der eg budde. Eg løp rett og slett den ca 10km lange vegen der eg budde, først mot nordenden, og så snudde eg, løpså mot sørenden der eg la inn ei lita ekstra sløyfe, og så tilbake.
Det gjekk som ein drøm.

Maratondistansen blei neste mål, i 2007. På Beistostølen.
Sidan eg syntest det var "enkelt" å løpe langt: det er jo berre å halde ut, ikkje sant?
Maratondistansen blei fullført i juni 2007.
Det var ein av desse dagane ein ikkje gløymer.
Ein herleg følelse å sprinte i mål.
For såpass hadde eg disponert kreftene mine: eg skulle koma i mål, og slik at eg hadde nok igjen av krefter gjennom Beistostølen.

Men triatlon fekk eg også ein liten smaksbit av same året.
Via ei venninne som hadde vunne Norseman året før. Det er jo noko som inspirerar.
Så det blei Bøsprinten på meg, våren 2007.
Og det gav meirsmak.

Eg har alltid likt elska å svømme, og dessutan også sykla litt. Mest for moro skyld, eller for transporten skyld, eller med bikkja, og sjeldan hardt eller langt. Dette skulle endre seg i løpet av 2008, for på korte triatlondistansar hjelper det ikkje med roleg puls. Det går fort!

Tvedestrand triatlon, med svømming midt i sentrum og sykling i terrenget på terrengsykkelen blei min første sprintdistanse med både svømming, sykling og løp ute der eg faktisk til slutt kom på ein andre plass blant jentene! Så dette lova jo godt!
Opp av vatnet som første jente på Tvedestrand Triatlon -
blei sykla forbi av veldig mange,
men tok igjen på løpinga og kom på andre plass til slutt! Super fornøyd :) 

Så fortsatte det berre slik - fleire sprintdistansar, og første olympisk distanse på Oslo Triatlon august 2008 (med ein hyggeleg fjerde plass som blei i etterkant til tredje plass sidan jente nr.3 hadde sykla ein runde for lite).
Motivasjonen var kjempestor.
Inspirasjon frå alle kantar.
Lyst på ein langdistanse...

Første halvironmandistanse, om enn med avkorta svømming pga sterk vind, blei gjennomført i Sverige på Tjörn (ein fantastisk triatlon arrangert av Lotta, som eg blei godt kjent med sidan eg måtte forlenge opphaldet mitt pga ein havarert bil i Skärhamn - men det var heil greitt, det er nemleg utruleg fint der, såpass fint at eg heldt på å bli der, rett og slett).

Sommaren det året opplevde eg også ein veldig spennande dag i starten av juli: påmelding til MÅLET: fulldistanseironman i Frankfurt. European Championships og greier. Saman med Helene.
Sidan konkurransen blei fort utsolgt så måtte me stå på den dagen for å sikre oss ein plass: påmeldingsprosessen kjendest som ein konkurranse i seg sjølv. Men det gjekk bra. Me fekk plass.
Så nå var det berre å gjennomføre treninga.

Heldigvis hadde eg flytta inn i eit hus med ei romsleg stoge dette året, og hadde derfor god plass til innetrening gjennom vintaren, både til styrketrening og på rulla.
Ironman Frankfurt juli 2010 blei ein fantastisk opplevelse, og eg kan trygt sei at dette er noko eg fortsatt kan skryte av uhemma (Viss du nokon gong har sett på videoar som IRONMAN lagar om sine konkurransar, så har du kanskje hørt den stemma "Swim 3.8 miles, bike 112 miles, run 26.6miles - brag for the rest of your life." ---> skryte resten av livet - ja det skal eg!)

Helsemessig gjekk det kanskje ikkje så greitt ellers det påfølgande året, og sjølv om eg absolverte ein halvironman på Mallorca våren 2011, så måtte eg avstå frå min fulldistanseironman nr.2 til sommaren - sjølv om eg alt hadde brukt nokre tusen kroner på påmeldinga og Ironman den gongen ikkje gjorde det mogleg å flytte startnummer over til eit anna arrangement.
Slik er det, ikkje alt kan gå etter planen.
Men eg lar meg ikkje stoppe så lett med treninga, så sjølv om eg må avlyse ein konkurranse, så er det like moro å svømme, sykle og løpe. Og når presset frå konkurransen er borte, er det jo ingen krav igjen bortsett frå å kose seg med treninga.

Året etter (2012) skulle IM 70.3 Haugesund bli arrangert for første gong, og då ville eg sjølvsagt vera med. Helene også. Så me meldte oss på. Og bra var det. Vintaren 2011/2012 blei nemleg utruleg tung for meg. Ikkje berre at eg sleit fortsatt med helsa, men så døde også hunden min av kreft, og ei veke deretter så skada eg leddbandet i venstre kneet mitt på eit stygt fall på skitur. Det følgde ein månad på krykker og opptrening. Heldigvis for at eg hadde tilgang til super fysio'n min, som hjelpte meg vidare med kneet.
Så løpetrening til Haugesund starta eg så seint som to månader før konkurransen, med ein forsiktig 3-4km av gangen. Det gjekk ikkje fort, med andre ord. Men eg sykla jo bra. Svømming måtte eg vente med, for å svømme med eit ustabilt kne er sabla &¤#"& vondt!

Men tur til Haugesund blei det, og halvironman også.
 For eit fantastisk bra arrangement! Det føltest som å bli tatt imot personleg av arrangøren (Tone og Ivar). Vêret var varmt og solfult, og steminga på kaia i Haugesund vanvittig bra. Dette hadde eg lyst til å gjera igjen!

I løpet av seinhausten dette året blei det i alle fall klart at eg skulle til Haugesund igjen: eg vann nemleg "adventskalenderen" til IM 70.3 Haugesund på Facebook, og dermed coaching avtale med sjølvaste Dave Scott, frå februar og fram til konkurransen i 2013.
Såå kult!

Helsemessig gjekk det ikkje så bra ellers, eg sleit virkeleg. Hadde det ikkje vore for coaching med Dave Scott hadde eg vel droppa triatlonkonkurransar det året.
Det var utruleg artig å ha ein coach, og dei månadlege videomøtene på nettet var skikkelege motiverande, så dette kan eg anbefale!

Så då blei det sommar 2013 og igjen halvironman i Haugesund på meg, og målet mitt om å slå mi eiga tid frå året før blei nådd. Til tross for at helsa mi ellers hang i ein tynn tråd. Eg lurar på om eg faktisk berre levde frå konkurranse til konkurranse. Når eg var først påmeldt, så måtte eg jo berre halde ut, ikkje sant?

Og det gjekk bra denne gongen.


Men styrketreningsmessig sleit eg på den tida - ved sida av svømming, sykling og løping og alle utallige lufteturar med hunden var det ikkje krefter igjen - livet tærde nok på kreftene mine.
Eg prøva å motivere meg, men det hjelpte lite - det var vanskeleg å knekke "styrketreningskoden" - eller så hadde eg rett og slett ikkje meir energi til overs.

Igjen var eg påmeldt til IM 70.3 Haugesund, i 2014. Dessverre så hadde eg eit lite uhell på ein løpetur i skogen og pådrog meg ein lettbandskade igjen, denne gongen på det høgre kneet. Same skade som sist. Jaja. Det var berre midten av januar så eg visste at eg teoretisk ikkje trengte meir enn eit par månader med kvalitetsløpetrening for å bli klar for to mil i Haugesund.

Men - sånn blei det ikkje. Helsa var rett og slett ikkje noko å skryte av i det heile tatt.
Til tross for god motivasjon og konsentrert opptrening av kneet så blei det ikkje noko tur til Haugesund på meg i 2014. Det blei ein knekk i sjølvtilliten. Frykteleg tungt blei det.

Men - det er berre å halde ut, koma seg vidare, ta tida til hjelp, ikkje sant?
I august gjekk eg mange fjellturar, blant anna ein lengre pilegrimstur over Haukelifjell, noko som  i kombinasjon med lite mat, lite søvn, mykje stress og ellers dårleg helse førte til plantar fascitt.
Sjokkerande var det, frustrerande var det, og såpass vondt at eg måtte ta krykken fatt igjen. For andre gong dette året.

Så det blei ein kjedeleg vinter - dvs kanskje var denne tvangspausen akkurat det kroppen min trengte?
Lite turar blei det med hunden - dvs, korte turar på 1-2km (som eg drøydde i lengste laget for at go'gutten min skulle bil fornøydd, og det blei han).
Eg las mykje om plantar fascitt, kontakta fysio'n min, fysioterapeuten min, og til og med ein fysioterapeut i USA. Det blei styrketrening og strekk- og styrkeøvingar deretter.

Og ein del ekstra kilo på kroppen også - eit godt kosthald er viktig, og dette hadde eg forsømt over fleire år.
Løping var utelukka, så det blei litt sykling på rulle gjennom vinteren, men veldig lite - det er ganske uklart kva som er lurt og ikkje lurt å gjera når ein slit med plantar fascitt, og eg ville vera på den sikre sida - heller bruke lengre tid på restitusjonen enn forhaste meg fram til eit halvgodt resultat!

Eg anar ikkje kor mange timar i veka eg brukta på å sette meg inn i fotens anatomi, biomekanikk, kollagenremodellering, kinesiologi, fysiologi, osv. Spennande, og sånt sett greitt sidan eg uansett hadde planar om å ta fag i anatomi og fysiologi etterkvart.

Det var styrketrening eg fokuserte på - dvs, styrketrening mest i sittande posisjon, så foten ikkje fekk unødvendig eller feil belastning. Og det funka ganske bra. Etterkvart også med kontrollert belastning på føtane.

Sidan opptrening kanskje ikkje er det mest morsamme å halde på med, så måtte eg ta eit lite motivasjonsknep i bruk, eit triks som i alle fall funkar for meg: har eg ikkje lyst nok til å trene styrke ein gong i veka, så prøvar eg meg rett og slett på tre styrketreningsøkter i veka. For om eg då berre greier to økter, har eg greidd meir enn nok.

Det funka - samtidig trena eg løpeteknikk, inne. Kjøpte meg Fivefingers sko og balansepute og trena opp att føtane mine. Ifrå mars 2015 starta eg faktisk sakte men sikkert å løpe igjen - 400m av gangen, ein gong rundt nabolaget.
Eg auka. Ein runde meir i veka - høyrest kanskje frykteleg lite ut  når ein har drive med langdistansetriatlon og maraton før eller kva?

Men med målet i siktet så går det.
Og ved å nå små delmål heile tida, så blir motivasjonen berre større. Og føtane mine såg ut til å tåle dette godt. Eg kjente også framgang i styrke.
Då var det eigentleg ganske moro.
Såpass moro at eg tenkte at eg skulle virkeleg satse på å bygge meg opp igjen, på ordentleg, dvs trene styrke, seriøst, med tunge vekter.
Men om sommaren så er det jo ganske varmt inne hos meg, så då flytta eg styrketreninga over til treningssenteret.

Det blei ei vellykka beslutning. Det var lite folk som trena det gjennom sommarmånadene, og det var stort sett "gutta" som kom på ettermiddagen for å løfte.
Det likte eg.
Eg hadde jo trent ganske bra med tunge vekter året før, men plantar fascitten satte jo ein stoppar på det også.
Men nå - nå skulle det gå bra!

Eg trur det som gav meg det største motivasjons"kicket" var at eg skulle låne markløftstanga til ein av gutta som trena markløft, sidan eg hadde rekna meg fram til at denne var 45kg, noko som eg hadde greidd å løfte sommeren året før. Ja eg hadde vel til og med greidd å markløfte kroppsvekta mi ein gong.
Så eg stilte meg opp, tok tak i stanga, retta ryggen og løfta: TUNGT!
Jaja tenkte eg, ikkje så rart, eller kanskje var styrken min ikkje så bra likevel.

Til det gjekk opp for meg at eg hadde berre teld vektskivene på den eine sida av stanga -  og gløymt å gange med to - så det som var olympisk vektstang på 20kg, + 15kg + 10kg som eg trudde blei 45kg, var eigentleg 2x15kg + 2x10kg + stanga på 20kg = 70kg!
Plutsleg hadde eg tatt ein ny personleg rekord!

Det var ein vanvittig morsam opplevelse - såpass at eg måtte skryte litt. Peika på stanga og fortalde til gutta: "Sjå, eg løfta akkurat 70kg!?! Eg trudde det var 45kg!" - gutta smilte høfleg "Så bra!" og må jo ha tenkt sitt, men eg trur dei likte det. Ei jente på knapt 60kg er jo sikkert berre underhaldande å sjå på når ho løftar tungt.
Filming av 70kg i markløft -
eg er ikkje meir beskjeden enn at eg spør gutta om å filme meg -
så kan eg sjekke teknikken min etterpå.
Men eg trur det var starten på at styrketreninga mi tok av. Eg følte meg sterk.
Og eg ville bli sterkare. Markløft har eg visst eit talent for.
Eg har ein sterk nedre rygg.
Og sterke bein kanskje også. Og viljen, og staheten.

Eg trena tre gonger styrke gjennom sommaren, og gjer det fortsatt.
Forskjellen mellom nå og juni er at eg må begrense meg til tre gonger i veka, fordi eg synst det er så moro at eg gjerne kunne trent oftare. Men tre økter med tunge vekter er nok.
Ei økt med bevegelighetstrening og skadeforebygging i tillegg.
Og så løper eg littegrann dei dagane eg føler for det, ikkje spesielt langt, rundt 6-7km, og vekslar mellom Fivefingers or "vanlege" løpesko.
Er det fint vêr så set eg meg på sykkelen og susar rundt på tempo'n eller jobbar meg opp bratte bakkar mot fjellet (med mindre eg får haik eit stykke opp, det seiar eg aldri nei takk til :D).

Så tilbake til essensen av "Vær sterk! Hald ut" - det er er jo det eg driv med for tida, både fysisk og mentalt. Kanskje mest fysisk, sidan eg har funne ut at når kroppen er sterk og uthalden, så følgjer hodet gjerne med.

3 kommentarer:

  1. Hei. DER fant jeg deg - igjen - endelig ;-) Så nå kan jeg følge deg igjen!!! Fint innlegg Imke!

    SvarSlett
  2. Takk for det, Silja!
    Bloggen her er i startfasen, så då var det fint å sjå tilbake å oppsummere å finne litt av essensen frå tidlegare år.

    Ein ting eg er usikker på er om det er så lurt å bruke navnet mitt, men eg lar kommentaren din stå, for nå eg googler på navnet mitt + triatlon + blogg, så visar dei fleste resultat "ikke" + triatlon --> det er jo praktisk.
    Eg er jo usikker på den der stalkaren min, og vil ikkje at bloggen min skal vera lett å finne.
    Men me får sjå! Eg har jo flytta bloggen før, så det går jo bra :D

    Koseleg at du stakk innom Silja! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. (eg kan ikkje fatte at eg greidde å få TO skrivefeil i svaret mitt: og i tillegg sånne "ur-norske" skrivefeil som å skrive "å" i staden for "og".

      Dette har altså snike seg inn hos meg - noko som eg ikkje trudde skulle skje - for forskjellen mellom "å" og "og" er vel innlysande, eller kva?
      Det blir meir skjerpings neste gong :D

      Slett