6. oktober 2015

Mange måtar å irritere kneet sitt på

Nå har det gått så bra med Plantar fascitten i den siste tida, at eg torde å "slå meg laus" og løp altså denne humørmila mi for ei veke sida.
Kor lurt var dette eigentleg?

Humørmessig var det kjempelurt å løpe.
Eg var jo så sur og gretten den dagen at det var best å løpe det heile av meg.
Dagen etterpå møtte eg ein av gutta på treningssenteret som hadde køyrt forbi meg på denne løpeturen og meinte at eg såg så veldig overlegen ut. 
HA!
Særleg.
Eg spurte om han hadde sett den svarte skya av mørke tankar hengande over hodet på meg der eg løp, men det hadde han ikkje, men skjønte poenget (dessutan er det jo slik at her på bygda så lærer eg meg kva bil folk køyrer, og hilsar på bilane og ikkje folka som sit inni, for dei ser ein jo ikkje gjennom frontruta uansett når sola skin, ikkje sant? Men skal eg nå hilse på alle skulebussar som køyrer forbi meg? Svaret er: tja, høtfe ikkje, det kan jo ikkje skade. Kanskje er sjåføren ein av gutta? :D).

Tilbake til humørmila og irritert kne:
Det venstre kneet mitt har altså begynt å krangle.
Meir er det enno ikkje. Men det er nok for meg.
Det gjer vondt på utsida av kneleddet, og det er veldig ubehageleg (og litt vondt) og litt ustabilt i bratte nedoverbakkar, og når eg bøyer kneet i ein viss vinkel.
Kneet virkar"ustabilt" - men eg trur at det er denne eine vinkelen i kneet som gjer vondt, og så er det ein refleks som koblar inn for å unngå akkurat denne stillinga - og då gjer kneet som det vil, men utan at eg har eit ord med på det.

Så nå sit eg og lurar kva som har skjedd.
Eg trur ikkje at den tunge styrketreninga har skylda.
Eg er jo meir enn nøye med teknikk, sjekkar i speilet når det går an, filmar mine knebøy osv, så dette må ha ein annan grunn (og det håpar eg virkeleg!).
Screenshot frå teknikkfilminga: Knebøy med 40kg x 5 reps
Eigentleg så oppstå denne irritasjonen i kneet alt då eg var på topptur, og då heilt mot slutten av turen på ein bitteliten men veldig bratt bakke i skogen - det var såpass ubehageleg at eg heldt på å snu me og gå baklengs.
Men så ille var det jo heller ikkje,

Tre dagar seinare løp eg humørmila mi. Og så, med ein dags pause, korte men raske (=harde) intervall på mølla. Det gir følgande treningshistorie:

Fredag: styrketrening med frontbøy bl.a.
Laurdag: topptur (med til saman ca 1300m stigning og nedstigning) - og start på irritert kne
Sundag: skogstur på 1.30t
Måndag: styrketrening med markløft og knebøy bl.a., alt ok
Tysdag; humørmila - dvs 10km på asfalt (med forholdvis mjuke og dempa sko)
Onsdag: styrketrening med fokus på knebøy og overkropp, men ikkje så hardt
Torsdag; 15min med intervall på mølla i Fivefingers: 10-11-12-13-14-12-10km/t; eitt minutt av gangen, etterfølgt av lette skadeforebyggande med bl.a. øvelsar for skuldre og øvre rygg - det var DÅ kneet "svikta" på eittbeina knebøy - som om noko i kneet ikkje var på plass. 
Såpass at eg tok tak i fysioterapeuten som driv senteret og spurte om råd - men alt ho meinte var at kneet mitt var for langt over foten min då eg dreiv med eittbeina knebøy på BOSU-ballen, og at kneet var i ein utsatt posisjon. Men knebøyteknikken såg bra ut mtp posisjonen av kneet.
Jaha. 
I nedre posisjon av knebøy er det samspel mellom muskulaturen på framsida (=quadriceps)
og bakside av låret (hamstrings) - er baksida av låret ikkje like aktivt,
vil kneet blir skyva framover (nedre del av bildet), noko som fører kneet i ein sårbar posisjon.
Bildet er frå Mark Rippetoe's bok "Starting Strength"
Fredag: Tung styrketrening med Frontbøy som var utfordrande mtp at kneet måtte gjennom denne "ustabile" vinkelen, men etterkvart så var det ikkje vondt lenger og eg kunne trene som vanleg. Nesten i alle fall. Eg bruke også knestøtte, sidan eg då har bedre kontakt med kneet og korhen det befinn seg i forhold til resten av kroppen (=bedre propriosepsjon).
Etter treningsøkta kjendest kneet stabilt og godt, og å sykle bakken heim att med litt bagasje på sykkelen var heilt ok.
Laurdag: Testdag for kneet - går det an å sykle med det? Det blei terrengsykling/bakkesykling oppover dalen, med lang motbakke i starten der kneet oppførte seg eksemplarisk. Godt. Eg tok nokre ekstra stigningar før eg inviterte meg til kaffe hos ein kompis for å lade opp til resten av økta. Men - så snart kneet hadde fått kvile/blitt kaldt var det som før: litt ustabilt/irritert i ein viss vinkel, og ganske ubehageleg å gå i trappar (både opp og ned). 
Hm.
Søndag: Fjellturen blei det ikkje noko av, og det var nok lurt, for etter ein times rusletur med hundane saman med ei venninne og hunden hennes så hadde kneet mitt fått nok, og hodet mitt også: det tek på at kneet ikkje vil slik eg vil!
Måndag (i går): kneet hadde det ikkje verst, men eg derimot vakna tidleg med skallebank, fekk ikkje sove vidare, var utslitt og i halvkomatøs tilstand. Ein luftetur med go'gutten avslørar at bratte nedoverbakkar framleis ikkje er tingen for det irriterte kneet mitt.

Til tross for halvkomatøs tilstand (som blei litt bedre etter ein halv times middagslur) så skulle det bli styrketrening ("Mandag er markløftdag") - etter tidlegare erfaring med fysioterapeuten min er plagene mine ofte muskulært og responderar godt på trening, og litt trening er nesten alltid bedre enn å prøve å "kvile vekk plagane". 
Eg blir så glad av tung styrketrening for tida - og lar meg helst ikkje stoppe heller.
Knebøy gjekk bra - eg var veldig nøye med teknikken.
Markløft derimot var vanskeleg: eg kunne gjerne ha tatt markløft med strake bein, det hadde gått fint.
Så fann eg ut at om eg var veldig nøye med vinkelen på knea, og løfta saaaakte (det går an, også med 65kg) så var det ikkje noko problem i det heile tatt.
Jaja.
Screenshot frå teknikkfilming,
markløft 70kg x 5reps. Eg synst at knea mine er for langt framme,
dvs dei er akkurat over tærne, men kunne vera litt lengre bak?
Blikket skal også rettast på skrå ned, ikkje rett fram... (=nakke i nøytral posisjon)
Posisjon av rygg og nakke i startposisjon av markløft. Blikket framover/på skrå nedover.
Knea er også litt lengre bak enn mine på bildet mitt, men så har eg jo også utruleg lange lårbein.
Kor skal eg gjera hen av desse da?
(Bildet frå boka "Starting Strength" av Mark Rippetoe)
Men det var likevel ikkje dagen min i går. Eg ordna meg til og med skyss heim med ein av gutta, ein må jo unne seg litt ekstra på ein sånn dag. 
Og godt var det å koma heim. Der blei eg ganske halvkomatøs igjen, berre litt meir avslappa i kroppen og gladare til sinns.

Det har slått meg at slik knetrøbbel har eg hatt før.
Noko irritasjon på utsida av venstre kneet.
Eg har også tidlegare konsultert fysioterapeuten min for dette, og eg meinar at den gongen var det min ytre venstre menisk som var "irritert" - det var det ordet han bruka.
Nå har eg heldigvis time hos fysioterapeuten om ei veke. 
Så må eg berre prøva og finne ut kva som går an i mellomtida.
Teknikktrening for skulderpress.
Det er plass for trening også i den trangaste hybelen! :D
Eg ser ein del feil forbedringspotensiale her mtp vinkel på handledd og underarn her,
men det er jo det teknikktrening er til for: avsløre god/dårleg teknikk.
Eg skal i alle fall ikkje løpe denne veka - og trur at eg uansett kan droppe regelmessig løpetrening utover hausten/vinteren sidan eg nå har skjønt at løpeformen er det forholdvis raskt å bygge opp igjen etter ein pause - i alle fall så lenge eg er flink til å trene styrke, relevant styrke og løpeteknikk.

Når det gjeld triatlonplanar og -trening så skal eg sjå det an. Etter to kneskadar tidlegare så veit eg at løpeformen fort kjem seg etter ein pause, så eg kan eigentleg trygt og utan problem jobbe med sykkelformen min som jo er forholdsvis dårleg.
Sykling er jo alltid så bra.
Så eg har ein plan.
Og så må eg stelle godt med kneet mitt slik at det roar seg ned igjen og sluttar å krangle...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar