13. oktober 2015

Ein irritert menisk, men eg er fornøydd!

Det høyrest ikkje koseleg ut, men er faktisk gode nyheitar.
Og ikkje er det noko nytt heller.

I dag har eg altså endeleg vore hos fysioterapeuten min for å sjekke kva som er galt med det venstre kneet mitt og kva som gjer at det gjer vondt å gå i nedoverbakkar og visse trappar osv, dvs, bruke kneet i ein viss vinkel, mens alt anna (f.eks gåing på flata, knebøy osv) er heilt greitt.


Sidan eg har vore hos fysioterapeuten min gjennom fleire år (sidan hausten 2007) så kunne han berre bla tilbake i journalen min (det tok litt tid kan ein sei). Ja det har vore trøbbel der før, i den ytre venstre menisken.
Me har nemleg to meniskar i kvart kne! Eg prøvar å fortelle dette til folk, eller spør når folk fortel at dei har fått "operert menisken", kva menisk det nå var.
Eg får som regel ikkje noko fornuftig svar.
Heilt greitt.
Me kan ikkje alle vera like anatomiinteressert som eg er :D

Hos meg så er det i alle fall den "laterale" menisken i venstre kneet, dvs den på "utsida" av kneet, som har gjort vondt.
Den har altså plaga meg sidan sist fjelltur, dvs, nedstigninga frå ca 1370m.o.h.


Løpeturen på ei mil på asfalt (humørmila mi) og løpeintervall på mølla gjorde ikkje menisken meir samarbeidsvillig heller.

Men - heldigvis så har altså undersøkinga hos fysioterapeuten vist følgande i dag (hopp gjerne over alle punktene, for dei har eg eigentleg mest ramsa opp her for min eigen del):

- sidebanda på utsida av venstre kneet (det laterale sidebandet) er litegrann slakare enn på høgre kneet
- det er litt ømhet men ingen store smertar (lenger) i den ytre menisken på venstre kneet
- hoftevinkelen til venstre beinet er mindre enn på høgre beinet, og det fører til at akkurat den laterale menisken får meir "juling" enn dei andre
- å køyre knebøy er glimrande trening for knea
- skuldrene mine er blitt veldig bra og har fått god bevegelighet
- eg kan godt køyre tungt skulderpress med vektstang når eg samtidig trenar rotatormansjetten (=stabiliserande skuldermuskulatur)
- eg kan køyre så tung markløft eg orkar
- eg kan med fordel køyre veldig tunge knebøy når eg passar på at teknikken er bra - dette er faktisk BRA for kneet! (Hurra!)
- eg har ein sterk nedre rygg og treng ikkje bruke belte til tunge løft i utgangspunktet, men kan godt begynne å eksperimentere med både belte og knebind/støtte om eg får lyst til å perse på 1RM (ååå han kjenner meg så godt og veit at dette har eg lyst til)
- løping kan eg med fordel droppe gjennom vinteren bortsett frå kortare turar
- viss eg skal bestige høge fjell, burde eg starte med litt lågare toppar først, og venne knea mine til dette gradvis (og ikkje berre springe opp 1200 høgdemeter fordi eg har så veldig lyst).
- muskulaturen på venstre øvre rygg og skulder er meir anspent enn på den høgre sida (det kjente eg godt då han trygte på velkjente triggerpunkt, au)
- eg har stort sett fått veldig god bevegelighet
Tung styrketrening, her med olympisk vektstang, har gjort kroppen min berre godt!
----> med andre ord, så har eg fått grønt lys for all tung styrketrening framover, inkludert knebøy, benkpress, markløft og skulderpress. HURRA!

Eg synst berre at det er heilt supert. Det er jo dette eg hadde håpa på!
Eg kan godt tåle ein vinter til utan mykje løping, så lenge eg kan brenne av litt krutt på sykling eller svømming, og trene tung styrke.
Nydeleg.
Eg er ganske fornøydd :)
Besøk hos ei god venninne etter fysioterapi - eg blei litt kjæreste med den eine papillonen hennes -
så nydeleg :) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar