Styrketrening à la styrkeløft: markløft, benkpress og knebøy.
Og eg får framgang og kosar meg med det, og har ikkje savna løpinga eller triatlontrening så veldig.
Dvs..
Jo eg har jo savna det, men når utgangspunktet sånn kroppsleg ikkje er så bra, er det heilt greitt å drive med noko anna i mellomtia.
Eg savnar triatlontrening littegrann - men eg kan jo alltids drive med det sånn for moro skyld. |
Sidan dette ikkje gir så veldig mykje utbytte kondismessig og løpeteknisk, har eg også begynt å løpe intervall på mølla.
Det har seg nemleg slik at idrettsbanen vår her har blitt heilt ny - men ikkje heilt ferdig.
Kunstgrasset på fotballbanen på innsida ligg ferdig, men løpebanen rundt er ikkje heilt klar.
Dessutan er eg ikkje så veldig motivert å trene harde løpeintervall når eg ikkje har eit mål/løp i sikte å trene mot.
Men då er jo mølla gull verdt.
Når eg uansett skal ned på treningssenteret og trene styrke, kan eg jo også skvise inn ei lita intervalløkt på 20-30min.
Det er jo berre å taste inn "joggetempo" og "løpetempo" og diverse anna og trykke på start.
Så er det på med musikk på øyra og gløyme folk rundt, eller tvert imot, bruke folk som trenar som underhaldning, men uansett, ingenting er det som stoppar løpinga på mølla (bortsett frå svetten som renner i strie straumar - eg skulle ønske møllene på senteret hadde vifte - eller at klimaanlegget var meir effektivt nå på sommaren når regnbygene og varmen gjer senteret om til tropisk drivhus).
Men uansett varme og svette osv, så har eg begynt å sette pris på intervall på mølla.
Føtane ser ut til å tole det.
Lettvint å løpe på tredemølle altså! |
Så for tida er det styrketrening fire gonger i veka, av og til fem når eg ikkje får gjort det eg skal, og det høyrest kanskje mykje ut, men det er det ikkje for meg. Det er lågintensiv trening eg driv med, det er mange sett, ofte få repetisjonar, og med lange pausar mellom setta, og slikt tek tid.
Eit par løpeøkter har det faktik blitt dei siste vekene, for det meste altså intervall, men også ei "lengre" joggeøkt med bikkja i veldig roleg tempo ute, på 6-7km.
Og det passar meg fint.
Når tida er inne, så kan det jo bli meir.
Men for å vera heilt ærleg, så skjønner eg ikkje heilt korleis eg skal få plass til fleire løpeøkter imellom all styrketreninga. Og styrketreninga er prioritert over alt anna.
Men eg får sjå.
Ofte skal det ikkje store endringar til.
Eg må ha ganske mykje restitusjon imellom slaga - den er like viktig for meg som sjølve treninga. |
Ein må berre legge til rette for seg sjølv, slik det passar ein.
Det er som å legge kabal.
Treningskabal.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar